Marin forsøpling
Marin forsøpling er ei av dei mange store utfordringane vi har når det gjeld miljøet i havet. Mykje av avfallet er plast. Plasten kan mellom anna føre til kveling, indre skadar, forgifting og problem med fordøyinga til dyra. Kvart år døyr det mange dyr som følgje av dette. Med tida brytast plasten ned til mikroplast, noko som kan få store konsekvensar for miljøet. Statsforvaltaren har ingen konkrete oppdrag innan opprydding av marin forsøpling, men vi har fleire oppdrag for å hindre avfall på avvege.
Uroa for enorme utslepp i Storfjorden
Det store landbaserte oppdrettsanlegget for laks som er planlagt i Raudbergvika i Storfjorden vil sannsynlegvis gje det største enkeltståande avløpsutsleppet i Noreg. Statsforvaltaren er uroa.
Publisert 02.07.2021
Strengare krav til kunstgrasbaner
Frå 1. juli blir det stilt krav til korleis idrettsbaner med fyllmaterial av plast skal utformast og driftast. Krava vil hindre at gummigranulat hamnar i naturen.
Publisert 30.04.2021
Vil du rydde ytre kyst i Møre og Romsdal
Aktørar som vil ta jobben med å rydde den ytre kystlinja i Møre og Romsdal kan no søke om å få oppdrag. Søknadsfristen er 28. mai 2021.
Publisert 15.10.2020
Eit hav av moglegheiter til å støtte årets TV-aksjon
Havet er fantastisk, og vi er alle avhengig av det. Årets TV-aksjon går av stabelen den 18. oktober. I år samlar vi inn pengar som er øyremerka avfallshandtering i Søraust-Asia. Slik skal det bli mindre plast i havene.
Publisert 09.06.2020
Hold Norge Rent med ny ressursbank for kommunane
Hold Norge Rent har laga ein ny ressursbank som skal hjelpe kommunane i gong med arbeidet mot forsøpling gjennom konkrete råd, inspirasjon og kunnskap.
Kontaktpersonar
-
Anne Melbø
Tlf: 71 25 85 15 / 97 70 45 91 -
Solveig Silset Berg
Tlf: 71 25 85 17
Lenkjer
Ansvaret til Statsforvaltaren
Statsforvaltaren skal ta samordningsinitiativ i fylket for sikre at vi når nasjonale mål på tvers av nivå og sektorar. Vi har ingen konkrete oppdrag innan marin forsøpling, men vi har mange oppdrag som er relevant i kampen mot marin forsøpling.
Vi fører tilsyn med ei rekke bedrifter i fylket. Som eit ledd i tilsyna sjekkar vi om verksemda bidrar til forsøpling. Vi sett også vilkår i løyver etter forureiningslova med tanke på å minimere utslepp av miljøfarlege stoff og for å hindre at avfall kjem på avvege.
Statsforvaltaren skal innhente og godkjenne avfallsplanar for hamner. Alle hamnene skal ha ein godkjent avfallsplan for å sikre at avfall frå skip blir tatt forsvarleg hand om og ikkje kjem på avvege.
Vi er myndigheit for dei fleste verneområda i fylket. All rydding av marin forsøpling innanfor eit verneområde må skje i tråd med vernereglane. Ta kontakt med oss om du lurer på noko.
Ansvaret til kommunen
Kommunen er myndigheit for forsøpling. Det innebér at den skal føre tilsyn med den alminnelege forsøplingssituasjonen i kommunen og følgje opp forsøplingssaker. Når kommunen oppdagar eller får melding om eit forsøpla område, kan den påleggje den ansvarlege å rydde opp etter seg. Kommunen kan også sette i verk opprydding på den ansvarlege si rekning dersom denne ikkje etterkommer pålegget. Dette gjeld både på offentlege område og på private eigedomar.