Utsleppsløyve til utslepp av spylevatn frå vassbehandlingsanlegg i Herøy
Herøy Vasslag SA har etter søknad fått løyve etter forureiningslova til utslepp av spylevatn frå vassbehandlingsanlegget på Moltustranda.
Publisert 28.04.2023
Løyvet omhandlar eit utslepp frå vassbehandlingsanlegget som inneheld partiklar og fellingskjemikalium (Kemira PAX-18, aluminium). Utsleppet skal førast til om lag 30 meters djupne og om lag 330 meter frå land. Det er gitt løyve med vilkår til utslepp av inntil 126 000 m3 spylevatn årleg.
Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Eventuelle kommentarar eller klage kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker etter kunngjeringa sin dato.