Molde Pukkverk AS får endra løyve til mottak/mellomlagring av brukt asfalt og betong
Verksemda får endra løyve til mottak og mellomlagring av brukt asfalt og brukt betong ved gnr. 33 bnr. 202 i Molde kommune.
Publisert 19.11.2024
Løyvet endrast frå årleg mottak av 3000 tonn til 7000 tonn brukt asfalt og 3000 tonn brukt betong.
Endra løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Merknadar eller klage på vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker.