Endring av løyve til utfylling ved Gjøsundneset i Giske kommune
Statsforvaltaren har etter søknad endra Giske kommune sitt løyve til utfylling i sjø ved Gjøsundneset industriområde.
Publisert 20.08.2024
Løyvet er forlenga til ut året 2025, og det kan nyttast reine massar frå ulike prosjekt i området slik at strandkantdeponiet kan fyllast heilt opp.
Vedtak og endra løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Eventuelle kommentarar eller klage på vedtaket må sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker.
Kontaktpersonar
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74