Sjå presentasjonane frå regional plan og klimakonferanse 2024

Regional plan- og klimakonferanse 2024 er vel gjennomført. Alle presentasjonane er tilgjengeleg på denne sida. 

Publisert 09.10.2024

Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har arrangert klimakonferanse kvart år sidan 2021. Anna kvart år har vi slått saman plan og klima i ein konferanse. I 2024 var det igjen duka for felles plan- og klimakonferanse, og årets tema var "Mot til å tenke nytt i ei framtid med knappe ressursar". Konferansen vart helt på Quality Hotel Waterfront i Ålesund, med 131 påmeldte.

 

DAG 1

Den første dagen av årets konferanse starta med å vise utfordringane samfunnet står overfor med knappe ressursar. Åsbjørn Vetti frå KS Konsulent, Erik Trømborg frå NMBU og Ulf Andersen frå NAV la fram utfordringsbiletet. Anja Gjærum frå KDD inspirerte til innovasjon og framtidstenking. Etterpå fekk vi eksempel og inspirasjon til nye måtar tenke å arbeide på. Dagen vart avslutta med byvandring i strålande vêr.

 

DAG 2

Per Espen Stoknes frå BI engasjerte publikum den første timen av dag to. I sitt innlegg forklarte han kvifor det er vanskeleg å ta innover seg klimakrisa og kva som skal til for å mobilisere til handling. Etterpå fekk deltakarane meir påfyll om korleis planlegge trygge og inkluderande samfunn. Her viste mellom anna Hilde Olaisen korleis ein kan planlegge trygge stadar utan lysforureining. Siste tema for konferansen var berekraftig arealplanlegging. Her vart vi mellom anna utfordra av Anne Sofie Bjelland til å planlegge framtida med den bustadmassen vi allereie har, framfor å bygge nytt.

 

God stemning

Det var god stemning gjennom heile konferansen, og deltakarane vart både utfordra og inspirert til å finne berekraftige løysingar for framtida. Under er små glimt frå nokon av innlegga under konferansen: