Regional plan- og klimakonferanse

Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren inviterer til Regional plan- og klimakonferanse i Ålesund 1. til 2. oktober. Årets hovudtema er Knappheit på ressursar og korleis planlegge for framtida. 

Publisert 28.05.2024

Vi er midt i ei natur- og klimakrise. Det er no under seks år til vi skal ha redusert klimagassutsleppa med femtifem prosent, verna tretti prosent av representativ natur og restaurert like mykje, samt halvert matsvinnet og redusert overforbruket betydeleg. Omstillingsarbeidet må intensiverast kraftig dei neste åra! Samtidig står kommunane i spagat med andre utfordringar innan bemanning, kompetanse, kommuneøkonomi og høge forventingskrav frå myndigheiter og innbyggarar. For å møte dei samansette utfordringane må vi sjå på nye måtar å tenke og arbeide på. 

Dette er ein fantastisk moglegheit for å bli kjent og til å skape ei god felles framtid for folk og natur i Møre og Romsdal. Meld deg på her: deltager.no/Regionalplanogklimakonferanse. 

 

Kvifor delta? 

Dette er den viktigaste arenaen for å oppdatere seg og samarbeide på tvers av kommunegrensene innan berekraftig planlegging. Det er spesielt viktig at kommunedirektørar og kommunalsjefar melder seg på. I tillegg til eit godt fagleg program, blir det godt tid til å diskutere og bli kjent på tvers. Konferansen legg opp til gode diskusjonar og refleksjonar om korleis vi skal kome vidare med plan- og klimaarbeidet i Møre og Romsdal. 

 

Program 

Vi skal mellom anna få høyre frå Erik Trømborg som satt i Klimautvalet 2050 og Ulf Andersen som er statistikksjef i NAV, kjent for si evne til å gjere kjedeleg statistikk og viktige bodskap lettfatteleg og underhalden. I tillegg kjem Per Espen Stoknes, kjent som global TED-formidlar og internasjonal tankesettar innan berekraft og klimapsykologi og mange, mange fleire. 

Alle tema og dei fleste innleiarane på plass, men det kan bli mindre endringar på programmet. Foreløpig program finn du til høgre på denne sida.

 

Målgruppe 

Hovudmålgruppe for konferansen er kommunalsjefar med ansvar for klimaarbeidet, kommunedirektørar, planleggarar og klima- og miljørådgivarar. I tillegg passer konferansen for tilsette med ansvar for kommunen si økonomiplan, medarbeidarar som jobbar med utvikling og oppfølging, fagrådgivarar, mellomleiarar og andre interesserte. Konferansen er også open for politikarar, tilsette i stat og det private som arbeider med planlegging, berekraft og klimaomstilling.