Ein sirkel av liv

I ein sirkulær økonomi må kvar enkelt eige mindre og dele meir. Her er det stort rom for innovasjon, for regelendringar, for nye marknadar og verdiskaping. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Vi kan ikkje miste meir natur. Vi må snu frå «bruk-og-kast» til reparasjon og ombruk. Framsynt politikk, innovasjon i næring og påtrykk frå forbrukarar er nøkkelen for å få det til.

Publisert 31.01.2025

Av: statsforvaltar Else-May Botten og klimakoordinator Anne Melbø

I dagens økonomiske system løner det seg ikkje at produkt varer for lenge. Meir forbruk gir meir forteneste. Derfor er det billigare og enklare å kjøpe nytt heller enn å få ting reparert.

Eit øydeleggande forbruk

Vi tar frå naturen for å kunne halde fram med forbruket vårt. Vekta av alle menneskeskapte ting overgår den samla biomassen. Vi har dobbelt så mykje plast som ville dyr i verda.

Varene vi kjøper er pakka inn i store mengder papp og plastikk. Bestiller vi take away, får vi nesten meir avfall enn mat. Det same gjeld for mange andre varer.

Produksjon av varer og tenester, inkludert mat, står for mykje av det globale klimagassutsleppet.

Meir enn jorda kan fikse

Vi kan ikkje fortsette å bruke av naturen slik vi gjer i dag. Forbruket vårt er større enn kva naturen rekk å regenerere.

Allereie 12. april i år hadde vi i Noreg brukt opp dei naturressursane og økosystemtenestene som jorda kan klare å reprodusere i løpet av eitt år. Vi er blant landa med høgast forbruk.

Sjølv der det er gode system for å sortere og handtere avfall, vil det alltid vere noko svinn. I Noreg hamnar så lite som 2,4 prosent på avvegar. Dette gir likevel årleg 15.000 tonn plast i naturen. Det er like mykje som 1,5 milliard plastflasker – kvart år!

«Eg sorterer avfallet», fortel ofte mannen i gata. Det er ikkje nok. Vi må få mindre avfall.

Løysinga ligg i å vri samfunnet frå ein lineær forbruksøkonomi til ein sirkulær gjenbruksøkonomi.

Løysinga går i sirkel

I ein sirkulær økonomi skal vi bruke ressursar til sitt fulle. Dei skal vare så lenge som mogleg. Behovet for å ta ut nye naturressursar skal vi redusere til eit minimum og “avfall” skal nærmast vere eit ukjent omgrep.

Produkt og delar skal vi reparere, oppgradere og bruke om igjen. Dette krev fagfolk som kan reparere, og det må vere billegare å reparere enn å kjøpe nytt.

Å utnytte ressursar til det fulle betyr også at produkt ikkje står ubrukte. Norske bilar står stille 98 prosent av tida i snitt. Mange hus og rom står også for det meste tomme, og mange eig verktøy og utstyr som dei nyttar ein sjeldan gong.

I ein sirkulær økonomi må kvar enkelt eige mindre og dele meir. Her er det stort rom for innovasjon, for regelendringar, for nye marknadar og verdiskaping.

I år kom regjeringa si handlingsplan for sirkulærøkonomi. Planen seier at norsk industri har eit stort potensial på området, og at vi forbrukarar har ei nøkkelrolle i omstillinga gjennom å endre forbruket vårt.

I juni vart ei ny lov om berekraftige produkt og verdikjeder vedteken. Lova gjer det mogleg å stille krav om at produkt skal vare lengre, at dei skal kunne bli reparert og gjenvunne, og at dei skal gi mindre utslepp og avfall. Vi ventar ei rekke slike krav i åra som kjem.

Kommunar og bedrifter er forbilde

Sirkulærøkonomi er noko vi arbeider for hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

I 2022 gav vi Betonmast Røsand Klimasnuprisen for mellom anna å ha meir enn halvert byggeavfallet i eit av prosjekta sine. I fjor fekk Norinsect same pris. Dei nyttar avfall frå lokal matproduksjon til å produsere larver som blir til dyrefôr.

Ålesund kommune har elbilar som nyttast i teneste på kvardagar, og som er tilgjengelege for innbyggarar på ettermiddag og helg. Nimmo AS køyrer barn og unge til fritidsaktivitetar i ei felles transport, i staden for at kvar enkelt forelder skal køyre kvar sin unge i eigen bil.

Det er eit stort behov for mange fleire nye løysingar for å fremme ein sirkulær økonomi i vårt fylke. Innovasjon som gjer at kvar enkelt kan eige mindre og dele på meir, vil redusere innverknad på natur, ressursar og klima. I mange tilfelle vil det også kunne gje oss ein enklare og meir sosial kvardag.

Kommunen kan legge til rette for meir effektiv bruk av areal. Dei kan planlegge sirkulære næringsklynger og legge bustadar i gåavstand til butikkar, skular og arbeidsplassar.

Norske kommunar er svært store på innkjøp. Dei kan spørje etter produkt og tenester som er sirkulære i størst mogleg grad.

Kor mykje meir natur skal vi miste?

I dag kan vi heldigvis framleis sjå svaler danse mot himmelen, at furuskogen står støtt opp mot bjørkebeltet på fjellet og høyre at humler summar i blomsterenga. Sjølv om naturen er fantastisk til å tilpasse seg, og byr på fornybare råstoff som treverk, mat, fiber og ulike energikjelder, forsvinn han bit for bit grunna måten vi brukar han på i dag.

Mykje naturmangfald har gått tapt og vi vil miste meir. Klimaendringane vil gjere det vanskelegare for mange artar å overleve. Naturen blir borte bit for bit.

FNs naturavtale har forplikta 196 land til å redde og bevare natur- og biomangfaldet i verda. For å klare dette må vi stoppe å overforbruka naturen. Jo raskare vi får snudd frå lineær til sirkulær økonomi, jo betre er det for framtida. For å få til dette må regelverksendringar verke saman med forbrukarmakt, innkjøpsmakt og gode initiativ frå både næringsliv, forvaltning og innbyggarar.

Kvar og ein av oss kan vere med å dytte i rett retning. Vi kan bli meir bevisst vårt eige forbruk, reparere og bruka om att. Saman kan vi dytte oss ut av startgropa, og få sirkelen til å rulle.

Kontaktpersonar

Kronikk hausen 2024

Denne kronikken var på trykk i fleire aviser i fylket i september 2024.