Viktig avgjerd for villreinen
Miljøvernministeren gjorde 4 mars 2009 endeleg vedtak i ein reguleringssak i Torbudalen i Sunndal. Det vert ikkje opna for nye hytter i dette området. Med denne avgjerda er det sett ein standard for prioritering av villreininteressene.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Sunndal kommune varsla hausten 2006 oppstart av reguleringsprosess for to hyttefelt i Torbudalen; Langvatnet og Torbuvatnet. Det er frå tidlegare ei rekkje hytter i desse to felta, som dels var underlagt ein eldre reguleringsplan (Langvatnet), dels ikkje (Torbuvatnet). Det spesielle for desse to hytteområda er at dei ligg som ”øyar” i eit større område som i 2002 vart verna etter naturvernlova og viltlova. Verneføremålet er å ivareta økosystemet i høgfjellet generelt og villreinen spesielt.
Allereie i mai 2005 var det felles synfaring i området, og både kommunen og fylket var samd i at det var behov for ein oppgradert styringsreiskap. I tillegg var det frå grunneigar, hytteeigarar og kommune ytra ønske om å innpasse 10-20 nye hytter, samt om å auke rammene for hyttestorleik. I fråsegna til oppstartmeldinga signaliserte fylket at vesentlege utvidingar ville bli møtt med motsegn og grunnga dette i omsynet til villreinen.