Vern av Skjoralia naturreservat

Foto: Øivind Leren.

Regjeringa vedtok 11.02.22 vern av Skjoralia naturreservat i Surnadal. Området på 137 dekar ligg i elvegjelet mot elva Folda, og har både edellauvskog og furuskog.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2022

Det er skogeigarforeininga Allskog som har formidla tilbodet gjennom ordninga for frivillig vern av skog. Vern er eit viktig tiltak for å ta vare på eit representativt utval av ulike skogtypar for framtida. Nær halvparten av alle truga artar lever i skogen, så vernet sikrar leveområde for artar og naturtypar i norsk skog. Stortinget har difor vedteke eit mål om å verne 10 % av skogarealet i landet.

Statsforvaltaren meiner at vern av Skjoralia har liten negativ verknad for skognæringa og samisk tamreindrift.

Vern som naturreservat medfører restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan føre til endringar av naturmiljøet er forbode, som oppføring av nye bygg, vegar, kraftutbygging, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel m.v. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad.

Vanlege friluftslivsaktivitetar kan halde fram som før. Vernet hindrar ikkje vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no.

Foto: Øivind Leren.

Foto: Øivind Leren.