Nytt skogvern sikrar verdifull skog på Nordmøre og Sunnmøre

Regjeringa verna i dag tre område i Møre og Romsdal som naturreservat. Vernet er viktig for å ivareta artar, naturtypar, intakt natur og karbonlagring for framtidige generasjonar.

Publisert 20.12.2024

Naturreservata vart oppretta av regjeringa 20.12.2024 og ligg i Surnadal, Tingvoll og Ålesund kommunar. Brøskjalia naturreservat er utvida for å få med meir verdifull skog og lage ei betre arrondering av verneområdet. I Akslanakken og Li er det oppretta heilt nye naturreservat med naturverdiar knytt til oseanisk, rik lågurtfuruskog og rike edellauvskogar.

Kart.png

Fylkesoversikt over vernevedtak 20.12.2024.

Desse naturreservata vil bidra til betre sikring av trua skogstypar som manglar i dagens vern som blant anna lågurtfuruskog og rik edellauvskog. Vedtaket frå regjeringa vil gjere at om lag 1,0  km2 ny skog blir verna i fylket.

Skal ta vare på biologisk mangfald

Noreg har forplikta seg til å ta vare på det biologiske mangfaldet gjennom internasjonale avtaler og nasjonale målsettingar. Eitt av tiltaka er vern av viktige skogområde for å bevare eit representativt utval av ulike skogtypar for kommande generasjonar.

Frivillig vern av skog har dei siste 20 åra vore eit prioritert område for verneplanarbeidet i Noreg. Dette er ei velfungerande ordning der både grunneigarar og forvaltinga er godt nøgd med resultata.

Verneforslaget vil også bidra til å nå FNs berekraftsmål nr. 15 Livet på land. Nær halvparten av alle truga artar i Noreg lever i skogen, og gjennom vern sikrar vi leveområde for artane. Skogvern er vurdert som eit effektivt verkemiddel for å sikre norsk naturmangfald, mellom anna ved å fange opp truga og nær truga naturtypar og leveområde for mange truga og nær truga artar.

Går ikkje ut over andre samfunnsinteresser

Statsforvaltaren har vurdert konsekvensane av vernet og komme fram til at det ikkje vil skade andre samfunnsinteresser, som til dømes skogbruksnæringa.

Vernet fører til nokre restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan bidra til endringar i naturmiljøet er forbode. Å oppføre nye bygg, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel, med meir vil ikkje vere lovleg. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad.

Vanlege friluftslivsaktivitetar vil kunne halde fram som før. Vernet er ikkje til hinder for vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.

Akslanakken ii.jpg

Akslanakken. Foto: Øivind Leren.

Brøskjalia ii.jpg

Brøskjalia. Foto: Øivind Leren.

Li ii.jpg

Li. Foto: Øivind Leren.