Fem skogområde er verna ved frivillig vern
Fem område i Møre og Romsdal er freda som naturreservat. Slik ønsker regjeringa å sikre at naturverdiar i mellom anna rike edellauvskogar og gammal furuskog blir teke vare på for kommande generasjonar.
Naturreservata vart oppretta av regjeringa 08.03.2024 og ligg i Aure, Molde, Ørsta, Tingvoll og Sunndal kommunar. Vasselen naturreservat og Flåstranda og Hisdalen naturreservat er utvida for å få med meir verdifull skog og lage ei betre arrondering av verneområda. I Vik, Finnset og Maude er det oppretta heilt nye naturreservat med naturverdiar knytt til rike edellauvskogar og oseanisk kystfuruskog.
Desse naturreservata vil bidra til meir av skogstypane som manglar i skogvernet, blant anna gammal oseanisk furuskog og rik edellauvskog. Vedtaket frå regjeringa vil gjere at om lag 4,7 km2 ny skog blir verna i fylket.
Skal ta vare på biologisk mangfald
Noreg har forplikta seg til å ta vare på det biologiske mangfaldet gjennom internasjonale avtaler og nasjonale målsettingar. Eitt av tiltaka er vern av viktige skogområde for å bevare eit representativt utval av ulike skogtypar for kommande generasjonar. Nær halvparten av alle truga artar i Noreg lever i skogen, og gjennom vern sikrar vi leveområde for artane.
Vern av skog har dei siste 20 åra vore eit prioritert område for verneplanarbeidet i Noreg.
Frivillig vern av skog er ei velfungerande ordning der både grunneigarar og forvaltinga er godt nøgd med resultata.
Går ikkje ut over andre samfunnsinteresser
Statsforvaltaren har vurdert konsekvensane av vernet og komme fram til at det ikkje vil skade andre samfunnsinteresser, som til dømes skogbruksnæringa.
Vernet fører til nokre restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan bidra til endringar i naturmiljøet er forbode. Å føre opp nye bygg, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel med meir vil ikkje vere lovleg. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad.
Vanlege friluftslivsaktivitetar vil kunne halde fram som før. Vernet er ikkje til hinder for vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.
Kontaktpersonar
-
Hege Steigedal
Tlf: 71 25 84 80 -
Ola Betten
Tlf: 71 25 84 76 / 95 11 17 67