15 millionar til forsking i verdsarvområde
Kompetanse- og samarbeidsprosjektet «Twin Fjord» skal utvikle teknologi som gjer det lettare å fatte vedtak for berekraftig arealplanlegging og forvaltning i verdsarvområde.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Geirangerfjordområdet skal brukast som case i Twin Fjord. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er samarbeidspartnar i prosjektet, saman med ei rekke både offentlege og private aktørar. Søknaden til Norges Forskningsråd vart innvilga like før nyttår.
– Denne søknaden har vi jobba med i nesten eit år. No skal vi saman utvikle og ta i bruk betre metodar for å forstå konsekvensane av arealendringar, og samtidig gjere denne informasjonen meir tilgjengeleg gjennom bruk av nye visuelle verktøy, forklarar prosjektleiar Dina Aspen frå Institutt for internasjonal forretningsdrift.
Som samarbeidspartnar skal Statsforvaltaren i Møre og Romsdal delta med innspel og tilbakemeldingar i prosjektet. Fagsjef-plansamordning hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Jon Ivar Eikeland, har allereie vore med på ein workshop.
Utvikling innan transport, energi og bygg kan skape behov for arealendringar i kommunane. Difor er det viktig å forstå kva slags konsekvensar arealendringar medfører.
– Det vi jobbar med i Twin Fjord er noko kommunane kan dra nytte av for å få fram viktige og relevante grunnlagsdata i arealdelen av sin kommuneplan. Dei kan også få betre verktøy for framstilling av dette, seier Eikeland.
Svarar på spørsmål om arealendringar
Både Fjord og Stranda kommune tek del i prosjektet. Dei må ha både turisme, næringsliv, verdsarv, naturvern, ras og flodbølge i tankane når dei forvaltar sine areal. Ei kjent utfordring i arealplanlegginga er at informasjon er fragmentert og vanskeleg tilgjengeleg for dei som ikkje har planfagleg ekspertise.
– Skal vi ha ein parkeringsplass der? Korleis vil det sjå ut? Kva slags økologiske konsekvensar vil det medføre? Er det trygt? Twin Fjord vil blant anna utforske digital tvilling-teknologi for å svare på nokon av desse spørsmåla. Vi skal analysere og visualisere informasjon i både tid og rom, seier Dina Aspen.
I eit interaktivt, visuelt verktøy kan ein lettare involvere fleire typar aktørar og skape kreative problemløysingsprosessar knytt til arealbruk. Håpet er at verktøyet skal skape dialog og samhandling.
Verna områder av stor verdi
– Det er svært krevjande å drive planlegging av nye bygningar og infrastruktur i eit landskap som er verna. Landskapet har så store verdiar at det internasjonale samfunnet har lagt sin øvste beskyttelse på området i form av ein UNESCO status, seier Katrin Blomvik Bakken, direktør i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.
I Geirangerfjorden er det i dag vanskeleg å vurdere om nye tiltak er ein trussel for verdiane. Blomvik Bakken trur at det nye verktøyet vil føre til smidigare forvaltningsprosessar ved at ein får gjort avklaringar mykje raskare og sikrare.
Eit tilpassa verktøy
– Håpet er at eit interaktivt, visuelt verktøy skal gjere det lettare å forstå verknadane av det som planleggast gjennomført og vedtak som blir gjort, seier plansamordnar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Johnny Loen.
Sjølv om det finnast digitale verktøy i dag, er det forventningar om at Twin Fjord skal være ein meir komplett modell for mange ulike variablar.
– Det er også ein forventning om at grensesnitt og datakompetanse må være tilpassa saksbehandlarar, politikarar og publikum generelt, seier Loen.
Arealplanlegging skaper engasjement
At arealplanlegging er viktig for folk, kan ein til dømes sjå på engasjementet der det byggjast store veier eller vindmøller.
– Med dette samarbeidsprosjektet vil vi bidra til å gjere Møre og Romsdal til eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking innan utvikling og bruk av digitale verktøy for berekraftig samfunnsutvikling, seier instituttleder for Institutt for internasjonal forretningsdrift ved NTNU, Hans Solli-Sæther.
Stort samarbeidsprosjekt
Prosjektet skal gjennomførast frå 2021-2024, med 15,4 millionar kroner i støtte frå Norges Forskningsråd.
Forskingspartnarar: Norges teknisk- naturvitenskaplige universitet (NTNU), Norsk Institutt for Naturforskning (NINA), Norges Universitet for Miljø- og Biovitenskap (NMBU) og Universitetet i Bonn.
Samarbeidspartnarar: Fjord kommune, Stranda kommune, Stranda Hamnevesen, Stiftelsen Geirangerfjorden Verdsarv, Fjordhagen, Offshore Simulator Centre, Ålesund Kunnskapspark, Møre og Romsdal Fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Twin Fjord har sitt utspring i forskingsprosjektet SUSTRANS, som har utvikla nye modellar for å analysere transportsystem ved naturbaserte turistdestinasjonar. Twin Fjord skal byggje vidare på dette arbeidet og sikre at forsking både skapast og brukast i samarbeid med sentrale samfunnsaktørar som sit tett på problemstillingane.