Hagerømlingar

Oppdatert 16.01.2024

Vi har lange tradisjonar for å importere prydplantar til hagar og parkar. Som regel er plantane berre til glede, men når dei finn vegen over hagegjerdet, kan dei lage trøbbel. Desse plantane kallar vi hagerømlingar.

Mange importerte hageplantar har eigenskapar som gjer at dei konkurrerer ut andre plantar, dei er hardføre og dei spreier seg raskt. Dette er gode eigenskapar i et blomsterbed, men i vill natur trengjer dei bort stadbundne artar og skapar monokulturar heller enn biologisk mangfald.

Rolla til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren rettleiar og samordnar tiltak mot framande skadelege artar. Mange fylke har laga regionale handlingsplanar mot framande artar og informasjonsbrosjyrar om hagerømlingar.

Kort om regelverket

Forskrift om framande organismar gjer det lettare å hindre at framande skadelege artar kjem inn i landet, og at dei spreier seg ut i naturen og trugar naturmangfaldet. Det er forbode å importere, selje og plante ein del hageplantar. Som hovudregel må du ha løyve frå Miljødirektoratet for å sette ut framande artar i naturen, i parker og i dyrka område.

Lær meir

Vi har samla ein del nyttige lenker om temaet hagerømlingar. Fleire statsforvaltarar har laga eigne brosjyrar om hagerømlingar, mange har også handlingsplanar der artane som er dei største utfordringane i fylket, er omtala.

Vis meir


Sist endra 24.06.2022

Hagerømlingar

Framande, skadelege planteartar er ein viktig årsak til tap av naturmangfald i norsk natur. Mange av desse plantane er "rømlingar" frå hagane våre, derfor blir dei ofte kalla hagerømlingar.


Fakta

Framand art: Ein art som er innført til staden, anten med vilje eller av vanvare, men som opphavleg høyrer heime ein annan stad. Dei aller fleste plantar gjer ikkje skade, men nokon påverkar det biologiske mangfaldet negativt.

Hagerømling: Hageplante som har forvilla seg ut i naturen og etablert seg der. Mange spreier seg ekstremt raskt og trengjer bort stadbunden natur.

Forbodsliste: Liste over artar det er forbode å selje og plante.