Ny runde Klimasats 2025

Ny utlysing på 100 millioner kroner gjennom Klimasats. Søknadsfrist 31. mars.
Gjennom tilskotsordninga Klimasats (miljodirektoratet.no) kan kommunane søke om delfinansiering av tiltak som vil redusere utslepp av klimagassar eller bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Tiltaka må vere politisk forankra og støtta skal vere utløysande for at tiltaket kan gjennomførast.
Ny runde
Fyrste søknadsrunde i 2025 vart gjennomført med frist 15. januar. Det kom berre to søknadar frå Møre og Romsdal. Desse kom ikkje gjennom nålauge for å få stønad i fyrste omgang. Då var det berre 8,1 millionar kroner i potten. Når potten no aukast til 100 millionar, håper vi at mange fleire kommunar sender inn søknad. I 2024 vart 16 av 30 i alt søknadar frå Møre og Romsdal innvilga. (Sjå dokumentet "Klimasats Møre og Romsdal 2021 - 2024" til høgre på denne sida). Vi håper på enda fleire søknadar i 2025.
Auk sjansane
Miljødirektoratet arrangerte webinar om Klimasats 2025 tysdag 25. februar. Sjå opptak av webinaret (youtu.be) for å oppdatere deg på søkemoglegheitene i denne andre runden. Her kan du enkelt få kunnskap om ordninga og årets prioriteringar. Dette vil kunne auke sjansane for gode søknadar som får stønad.
Du kan også lese alt du treng å vite om denne søknadsrunden her: 2025: Utlysning av Klimasats-midler (miljodirektoratet.no)
Oversikt over søknadar
Oversikt over alle tidlegare prosjekt som har fått stønad gjennom Klimasats finn du her: Klimasats-prosjekter - miljodirektoratet.no.
Kontaktpersonar
-
Anne Melbø
Tlf: 71 25 85 15 / 97 70 45 91