Få veker igjen til Regional plan- og klimakonferanse
Regional plan- og klimakonferanse 2024 nærmar seg med stormskritt. Endeleg program er fullspekka av gode foredragshaldarar. Meld deg på i dag!
1. og 2. oktober er det konferanse i Ålesund, for folk i regionen som arbeider med planlegging, natur og klimaomstilling i kommunar, stat og i det private.
Sikre på at det blir lærerikt
Tema for årets konferanse er Mot til å tenke nytt i planlegging av ei framtid med knappe ressursar.
– Vi er veldig nøgd med det endelege programmet og sikre på at det skal bli interessant og lærerikt for alle, seier klimakoordinator Anne Melbø hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Første dagen kjem mellom anna Ulf Andresen som er ein mykje brukt foredragshaldar og talsperson for NAV i media. Han er kjent for si evne til å gjere kjedeleg statistikk og viktige bodskap lettfattelege og underhaldande. På dag to er vi så heldige å ha fått tak i Per Espen Stoknes. Han har ein TED-talk om klimapsykologi som er sett over 3,2 millionar gangar.
Les heile programmet (pdf.)...
Har du enda ikkje meldt deg på?
Dette er den viktigaste arenaen for å bli oppdatert og for å samarbeide på tvers av kommunegrensene innan planlegging, natur og klima. I tillegg til eit godt fagleg program er det lagt opp til aktivitetar der deltakarane kan bli kjent og få gode diskusjonar og refleksjonar om korleis vi skal planlegge for framtida i Møre og Romsdal.
Det er fortsett ledige plassar igjen, og det er ingen grunn til å vente til påmeldingsfristen 15. september. Meld deg på no: Påmelding til konferansen (deltaker.no) ...
Kontaktpersonar
-
Anne Melbø
Tlf: 71 25 85 15 / 97 70 45 91
Målgruppe
Klima- og miljørådgivarar, planleggarar, tilsette med ansvar for kommunen si økonomiplan, medarbeidarar som jobbar med utvikling og oppfølging, fagrådgivarar, mellomleiarar og kommunalsjefar med ansvar for klimaarbeidet. Konferansen er også open for tilsette i stat og det private som arbeider med planlegging, natur og klimaomstilling. Lokalpolitikarar er spesielt velkomne!