Vil ta vare på gytande fisk i Kipervika

– Vi har sett ekstra strenge krav til å fylle ut i Kipervika denne våren. Det har vi gjort for å ta vare på gytande fisk, seier underdirektør Christian Dahl hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Publisert 07.03.2025

Fleire har tatt kontakt med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal då dei reagerer på at Kipervika Eiendom AS har fått løyve til å fylle ut i sjø ved Kipervika i Ålesund.

Grunnen til reaksjonane er mellom anna at det er viktig gytefelt for torsk i Aspevågen/Borgundfjorden. Fisken no er midt i gytetida.

Ekstra strenge krav

– Dette er noko vi er fullt klar over, og vi har derfor sett ekstra strenge vilkår for løyvet, som tiltakshavar må overhalde. Krava skal ivareta den gytande fisken, seier Christian Dahl som leiar forureiningsseksjonen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Mellom anna må entreprenørane no i gytetida bruke ei dobbel barriere, siltgardin, som hindrar partiklar i å spreie seg i sjøen.

– Dei har også ekstra strenge krav til å overvake at partiklane i sjøen ikkje går over eit gitt nivå no i gyte- og oppvekstperioden, seier Dahl.

Unntak

Som regel blir det ikkje gitt løyve til å fylle i sjø på denne tida av året, men det er gjort eit unntak i år.

– Årsaka er at det for tida vert det laga ein tunell i Ålesund. Masser derfrå kan få gå i fyllinga i sjøen no, og ikkje bli lagra andre stader. Unntaket er også eit resultat av at framdrifta i prosjektet er avhengig av å komme i gang no i vår, seier Dahl.

Han fortel at unntaket for å fylle i sjøen i gytetida berre er gitt i år. Det er ikkje gitt løyve til å fylle masse i sjøen ved Kipervika frå midten av januar til midten av juni i åra som kjem.

Kontaktpersonar