Fleire betongprodusentar følgjer ikkje regelverket

Vi ser et lite betongkar på ei brygge, der betongrester kan bli liggende igjen, mens vann renner ut.
Reinseløysing for vaskevatn. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Kristin Eide.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i 2024 avdekt fleire avvik hos betongaktørar i fylket. Fleire har ikkje kjennskap og kontroll på eige utslepp til vatn og luft.

Publisert 08.01.2025

I 2024 har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal hatt tilsyn med åtte produsentar av fabrikkbetong, betongvarer og -element i fylket.

Rapportane frå tilsyna ligg i høgremargen på denne sida.

Alle hadde avvik

– Fleire av produsentane har fått avvik fordi dei ikkje har kjennskap og kontroll på eige utslepp. Fire aktørar handterer ikkje eige betongavfall i tråd med regelverket. Det er også fleire som manglar ei vurdering av kva risiko eigen aktivitet har på natur og folk kring verksemda, seier Christian Dahl som er leiar for forureiningsseksjonen hos Statsforvaltaren.

Næringa skal kjenne til eiga forureining

– Verksemdene skal vite kor mykje tungmetall og fine partiklar det er i vatnet som blir sleppt ut frå bedrifta. Dei skal strekke seg langt for å redusere eige utslepp, noko som ofte gir behov for å reinse avlaupsvatnet frå produksjonen før det går ut i sjøen, elva eller grunnen, seier Dahl.

Han fortel at større mengder med finpartiklar kan ha negativ verknad på livet i vatn.

– Partiklane kan redusere lystilgangen, og dekke over og dermed øydelegge leveområde for botndyr og planter. Finpartiklane kan skade gjellene på fisk. Dei kan også innehalde skadelege kjemikaliar og tungmetall som kan påverke helsa vår gjennom mat frå sjøen.

Statsforvaltaren har også gitt avvik på reinseanlegg som ikkje fungerer optimalt.

Betongavfallet skal bli gjenvunne eller levert til avfallsmottak

– Vi har gitt avvik på feil handtering eller manglande plan for korleis aktørane handterer eige betongavfall. Ved produksjon av betong vil det bli avfall i form av slam eller betongrestar. Dersom betongavfallet ikkje kan brukast om att til noko nyttig, skal det bli levert til eit godkjent mottak.

Kva er risikoen for å forureine miljøet?

Dahl fortel at bedrifter har krav på seg til å risikovurdere eigen aktivitet for mellom anna å sikre at dei ikkje skadar miljøet.

– Ei skriftleg risikovurdering hjelper med å identifisere moglege farar som kan gje utslepp til luft, vatn eller grunn. Vi har avdekt at fleire bedrifter manglar eller har ei mangelfull risikovurdering.

Eige kapittel i forureiningsforskrifta

I 2023 vart reglane for produksjon av betong samla i kapittel 33 i forureiningsforskrifta. Dermed vart det lettare for næringa å ha oversikt over krava som gjeld for dei.

Statsforvaltaren har med tilsynet hatt til hensikt å både avdekke om regelverket blir følgt i dag, og samtidig minne næringa på at frå 2026 vil konkrete grenseverdiar for pH og utslepp til vatn bli gjeldande.

– Vi håpar at tilsynet har bidratt til eit skjerpa fokus på eiga forureining og dei reglane som gjeld, avsluttar Dahl.

Verksemdene er i gang med å rette avvika, og dei fleste har fått frist til 1. mars 2025 for å gje tilbakemelding på at tilhøva er retta.