Fiskeregler i elv

Osenvassdraget kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Geir Moen.

Her er informasjon om fiske etter laks og sjøaure i elvane og anadrome innsjøar i Møre og Romsdal. 

 

Publisert 31.05.2024, Sist endra 03.06.2024

Fiske etter laks og sjøaure i elv
Liste over opne elver i fisketidsforskrifta finn du i menyen til høgre. Legg merke til at forvaltningslaga i elvane kan vedta strengare fiskereglar enn i forskrifta, og at det er fleire døme på dette.  

Fiske etter laks og sjøaure i innsjøar
I vassdrag som har innsjøar med laks og sjøaure gjeld same fisketid som i elva. Du kan likevel fiske etter innlandsfisk (innlandsaure og eventuelt innlandsrøye) med stang resten av året, om lokale fiskereglar ikkje seier noko anna. Får du laks og sjøaure utanfor fisketida, må dei settast ut igjen.

Fiskekort?
Husk at du må betale fiskeavgift for å fiske etter laks og sjøaure i vassdrag, dersom du er over 18 år. https://fiskeravgift.miljodirektoratet.no/. I tillegg må du kjøpe fiskekort av fiskerettshavar.

Fangstrapport
Husk å levere fangstrapport slik du får beskjed om når du kjøper fiskekort.