Miljødirektoratet stadfestar Statsforvaltaren sine løyver og avslag til oppdrettsanlegg i Batnfjorden/Bergsøyfjorden
Etter fleire klager på Statsforvaltaren sine vedtak, har Miljødirektoratet vurdert saka. Dei er einig i Statsforvaltaren sine avgjerder.
Statsforvaltaren gav i mai i fjor løyve til matfiskanlegg for kveite i Batnfjorden og for torsk på lokaliteten Batn i Gjemnes kommune. To andre søknader om oppdrettsanlegg i kommunen fekk avslag.
Les meir om dette: Statsforvaltaren gir utsleppsløyve til to av fire søknader om oppdrettsanlegg i Batnfjorden/Bergsøyfjorden | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)
Fekk 40 klager
Statsforvaltaren fekk 40 klager på vedtaka. Klagene handla i stor grad om at tiltaka som fekk løyve til å starte opp ville verke inn på natur på ein uheldig måte, og føre til ulik type forureining. Gjemnes kommune var blant dei som klaga.
Statsforvaltaren fann ikkje grunn til å ta klagene til følgje, og sende dei vidare til Miljødirektoratet i desember 2023.
Miljødirektoratet stadfester Statsforvaltaren sine avgjerder
Miljødirektoratet har gått gjennom klagene, og stadfester Statsforvaltaren sine avgjerder.
Miljødirektoratet har avvist klagen til Gjemnes kommune, og grunngir dette med at søknaden om akvakultur er i samsvar med planformålet i Gjemnes sin kommuneplan. Kommunen hadde også anledning til å uttale seg i saken. Gjemnes kan klage på avvisinga til Klima- og miljødepartementet.
Les Miljødirektoratet sine vedtak: