Søk tilskot til kommunal jordvernstrategi
Alle kommunar kan søkje midlar til å utarbeide eigne jordvernstrategiar – frist 31. mai
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 31.03.2023
Landbruksdirektoratet har lyst ut midlar for utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar. Føremålet med å utarbeide kommunale jordvernstrategiar er auka kunnskap om jordbruksareala våre og auka merksemd kring jordvernet i planprosessar. Ein slik strategi kan bidra til meir langsiktigheit i arealplanlegginga ved å gi eit overordna bilete av forholdet mellom utbygging og det å ta vare på jordbruksareala. Målet med strategien er å minske omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord i kommunen.
Vi minner om at fristen for å søke midlar til kommunal jordvernstrategi er 31. mai.