Møre og Romsdal fylkeskommune nominert til nasjonal jordvernpris
Fylkestinget i Møre og Romsdal har vedtatt eit regionalt jordvernmål på 100 dekar i året. Det sikra nominasjonen som Møre og Romsdal sin kandidat til nasjonal jordvernpris 2023.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Jordvernmål på 100 dekar
Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal 2023-2026 vart vedteke av fylkestinget 12. desember 2022. Strategien inneheld seks resultatmål for sentrale innsatsområde framover, blant anna mål om å behalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning.
For å nå dette målet er det vedteke ein strategi om ei arealforvaltning som vernar dyrka og dyrkbar jord mot nedbygging, og som sikrar at dyrka jorda vert vedlikehalden gjennom aktiv bruk. Maksimalt 100 dekar dyrka jord kan verte omdisponert til andre formål enn matproduksjon kvart år.
Nasjonal målsetting om redusert nedbygging av matjord
Det er venta at det nasjonale jordvernmålet vert innskjerpa frå dagens 3 000 dekar til 2 000 dekar. Møre og Romsdal har ca. 5 prosent av dyrka jorda i Norge. Vår del av det nasjonale jordvernmålet utgjer 100 dekar dyrka jord.
Tidlegare jordvernmål i Møre og Romsdal har vore på 200 dekar i året, og dette målet har vore nådd dei siste åra. At fylkestinget har vedteke eit nytt og skjerpa regionalt jordvernmål, bidreg til å styrke arbeidet og innsatsen for å redusere nedbygging av matjord i kommunane ytterlegare.
På denne bakgrunnen har Statsforvaltaren føreslått Møre og Romsdal fylkeskommune som vårt fylke sin kandidat til nasjonal jordvernpris.
Kommunane er jordvernmyndigheit
Det er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som har fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet å føreslå kandidatar til nasjonal jordvernpris. Dette bidreg til å auke fokuset på arbeidet med eit sterkare jordvern. Jordvernprisen tydeleggjer at det er kommunane som er den viktigaste myndigheita til å følgje opp den nasjonale jordvernstrategien og målet om redusert omdisponering av matjord.
Kontaktpersonar
-
Frank Madsøy
Tlf: 71 25 84 03 / 97 17 14 93 -
Tormod Meisingset
Tlf: 71 25 84 04 / 97 60 02 57