Jordvernmålet nådd for fyrste gong i Møre og Romsdal
For første gong har Møre og Romsdal i 2018 nådd sitt regionale jordvernmål på omdisponering av mindre enn 200 dekar dyrka mark. Etter nokre år med mykje nedbygging, så ble det i 2018 vedtatt nedbygging av 183 dekar dyrka mark. No må målet vere å halde omdisponeringa av matjord på eit lavt nivå også i dei komande åra.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Som tala frå KOSTRA og SSB syner, så vart det i 2018 vedteke omdisponering av matjord på til saman 415 dekar, fordelt på 183 dekar dyrka jord og 232 dekar dyrkbar jord. Desse er høvesvis jamt fordelt mellom plan- og bygningslova (reguleringsplaner i samsvar med kom. plan) og jordlova (dispensasjoner og reg.plan ikkje i samsvar med kom.plan).
Fylkesmannen skal framleis halde trykket oppe for å nå både det nasjonale jordvernmålet på omdisponering av under 4000 dekar dyrka mark per år, og det regionale jordvernmålet på under 200 dekar dyrka mark per år. Men uansett er det kommunane i Møre og Romsdal som er planmyndigheit og dermed også «jordvernmyndigheit», og som må prioritere jordvernet og matproduksjon hardt i arealplanprosesser og interessekonflikter for at jordvernmålet også skal nåes i framtida.
Nils Arne Eggen har skrevet i sin «Go`fot-teori» og sagt at det vanskelegaste er å gjenskape suksess. No får dei neste åra vise om omdisponeringstala for 2018 var eit «lykketreff» eller om det var resultatet av kontinuerleg og målretta arbeid over tid. Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal halde fram med kommunebesøk til planutval/formanskap for å informere om nasjonal jordvernstrategi og regionalt jordvernmål, samt korleis Fylkesmannen arbeider med jordvern i plansaker. Desse kommunebesøka vil vi starte opp igjen med når dei nye kommunestyra har fått konstituert seg og dei nye kommunane er på plass fra nyåret. Alle kommunane i Møre og Romsdal skal på nytt få besøk av Fylkesmannens landbruksavdeling i løpet av dei neste åra.
I tillegg til nasjonalt og regionalt jordvernmål, vil Fylkesmannen framover rette fokus på landbruksareal som går ut av drift, samt kommunale rapporteringsprosesser til KOSTRA.