Jordsmonnkartlegging i Møre og Romsdal
Resultata frå jordsmonnkartlegginga i Surnadal i 2019 er no publisert på Kilden. Kartlegginga av fulldyrka og overflatedyrka areal i Surnadal er gjort i 2018 og 2019, saman med Sunndal som vart kartlagt i 2017 er dette dei kommunane i Møre og Romsdal som har nærmast heile sitt dyrka areal kartlagt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kvifor Jordkartlegging?
Oljeeventyret hadde vore umogleg utan geologisk kartlegging, på tilsvarande vis treng bioøkonomien ei kartlegging av områda som produsere fornybare råstoff. Jordsmonnet er ein av dei viktigaste ressursane vi har, og det legger grunnlaget for 95% av verdas matproduksjon. Auka kunnskap og stadfesting av eigenskapane til jorda er verdifull informasjon i arealplanlegginga for vurdering av mattryggleik og som ein viktig føresetnad for auka matproduksjon.
Kartleggingsprosessen
NIBIO kartlegg årleg 100 km2, og det står igjen om lag 5 000 km2 å kartlegge. Kartlegginga byrja grunna behov for erosjonsrisikokart, og difor er det dei sentrale korndistrikta som har blitt prioritert. Press på arealresursane er og ein faktor som påverkar kva kommunar som vert plukka ut til jordsmonnskartlegging.
Jordsmonnstatistikk
NIBIO produserer kvert år jordsmonnstatistikk for dei kommunane som har kartlagt areal større enn 50% av fulldyrka jord og overflatedyrka jord i AR5. I Møre og Romsdal er det berre Sunndal og Surnadal som har slik statistikk, der Sunndal har kartlagt 95.8 % (19 238 daa) og Surnadal har kartlagd 97.9 % (33 251 daa) av areala. Andre kommunar som har deler av matjorda si kartlagd er Ørsta med 11% (2457 daa) og Volda som har 11.4 % (2 805 daa).
Les meir om tema Jordkartlegging på NIBIOs heimesider .