Utviding av Grilstad As sine produksjonslokaler – trekking av motsegn
I høve utviding av Grilstad As sine produksjonslokaler i Stranda kommune vert ca. 7 daa fulldyrka mark omdisponert til næringsføremål. Fylkesmannen er av den oppfatning at når næringsaktøren først har etablert seg, må dei også kunne ha rom for utviding. Diverre går det denne gang på bekostning av god matjord, ettersom det ikkje var reelle alternativ.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kompenserande tiltak
Fylkesmannen i Møre og Romsdal meiner aktørar må strekke seg langt for å kompensere for dei ulempene for landbruksnæringa, når landbruksareal vert nytta til andre viktige samfunnsnyttige føremål. Vi stilte krav om at matjorda som går tapt skal takast vare på og framleis kunne nyttast til matproduksjon.
Kommunen betra føresegna
Føresegnene som skulle ivareta desse omsyna meinte vi var for vage, og fremja motsegn til reguleringsplana, med forslag til presisering av føresegna, som ivaretok landbruksinteressene på ein betre måte. Dette tok Stranda kommune til etterretning, og vi kunne dermed trekke motsegna til reguleringsplana for utviding av Grilstad AS sine produksjonslokale.