Informasjonsbrev veke 50/2024

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 12, frist fredag 20. desember 
  • Ragnhild Naug Aas skal ha permisjon i perioden 13.12.2024 – 01.01.2026
  • Tilskot til tiltak for å ta vare på natur - Fem ordningar blir erstatta av éin  
Publisert 12.12.2024

ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 12, frist fredag 20. desember 

Virkesopplysningar for periode 2024 -12 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er fredag 20. desember, men helst før den tid! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.   

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

Ragnhild Naug Aas skal ha permisjon i perioden 13.12.2024 – 01.01.2026 

For denne perioden er hennar arbeidsoppgåver fordelt på følgande kollegaer: 

  • Marianne Aas Halse: Utvalde kulturlandskap og verdsarv (UKL og ARV) 
  • Per Eldar Nakken: Tilskot til drenering av jordbruksjord 
  • Andreas Aarset: Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) 
  • Marie Teigland: Kulturlandskapsprisen 

 Ragnhild vil vere tilbake 02.01.2026. 

 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

  

Tilskot til tiltak for å ta vare på natur - Fem ordningar blir erstatta av éin 

 Tilskotsordningane for trua artar, trua naturtypar, ville pollinerande insekt, verdifulle kulturlandskap og fjerning av framande organismar er slått saman til éi ordning. Den nye ordninga heiter Tilskot til tiltak for å ta vare på natur.  

Denne ordninga er ny frå 2025, og erstattar dei tidlegare tilskotsordningane for trua naturtypar, trua artar, ville pollinerande insekt, verdifulle kulturlandskapsområde og fjerning av framande organismar. 

Privatpersonar, kommunar, organisasjonar, verksemder og institusjonar kan søkja. Søknadsfristen er 15. januar 2025.  

  

Du kan søkja om tilskot til: 

  • vedlikehald, skjøtsel og restaurering
  • tilpassa jordbruksdrift som blir gjennomført slik at det biologiske mangfaldet i og i tilknyting til areal blir teke vare på eller blir forbetra
  • innkjøp og montering av utstyr til skjøtselstiltak
  • konkrete tiltak for enkeltartar, til dømes bevaringsutsetjing og innsamling av frø
  • etablere leveområde for ville pollinerande insekt
  • kjempa mot framande artar
  • kartlegging og overvaking i samband med gjennomføring av tiltak
  • utarbeida tiltaks- og skjøtselsplanar
  • informasjonsarbeid

 Kontaktpersoner: Linda Aaram, Marita Fjelle , Solveig Silset Berg