Informasjonsbrev veke 42/2024
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 10, Frist onsdag 23. oktober
- Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 15. januar 2025
- Fylkesnytt frå Møre og Romsdal
- Fylkesstatistikken 2024 vert presentert tysdag 22. oktober
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 10, Frist onsdag 23. oktober
Virkesopplysningar for periode 2024-10 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er onsdag 23. oktober. Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 15. januar 2025
Møre og Romsdal Landbruksselskap skal dele ut ein pris for å heidre folk i landbruket som har gjort ein spesiell innsats for å fremje næringa. Det kan vere ein gardbrukar, ein familie eller eit fellestiltak. Vinnaren får eit kunstverk og 10.000 kroner. Prisen skal overrekkast på Landbrukskonferansen i Molde 8. mars.
Forslag på kandidatar sendast til per.nakken@statsforvalteren.no innan 15. januar.
Meir informasjon om Inspirasjonsprisen finn du her: Vi vil heidre gode gardbrukarar | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) Del gjerne 😊
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Fylkesnytt frå Møre og Romsdal
På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet skriv Statsforvaltaren to gonger for året eit Fylkesnytt frå Møre og Romsdal, som vert publisert på regjeringa sine nettsider. Årets andre utgåve er publisert og kan lesast her: Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2024 - regjeringen.no
Vi har skrive om kartlegging av matforsyningssikkerheit i fylket, store tap av lam til jerv i Reinheimen, mobiliseringsmøter om garden som ressurs, ny skogsbilveg ved Molde i samband med ny E39, skjøtsel av hassel og alm i Eikesdalen og kulturlandskapsprisen til eit dyktig gardbrukarpar i Sunndal.
Eit tips: Dersom du ikkje allereie abonnerer på nyheitsbrev frå regjeringa, kan du melde deg på her: Nyhetsvarsel - regjeringen.no
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Fylkesstatistikken 2024 vert presentert tysdag 22. oktober
Møre og Romsdal fylkeskommune har no publisert Fylkesstatistikken 2024, eit omfattande arbeidsverktøy for kommunar, næringsliv og andre samfunnsaktørar. Fylkesstatistikken vert utarbeidd kvart år av fylkeskommunen i samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Tysdag 22. oktober kl. 12-13 inviterer fylkeskommunen til webinar med presentasjon av funn frå Fylkesstatistikken 2024. Webinaret er for media, politikarar, planleggarar i kommunane og andre samfunnsinteresserte.
Fylkesstatistikken og påmelding til webinaret finn du her.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger