Informasjonsbrev veke 38/2024
- Utdeling av kulturlandskapsprisen
- Hugs å svare på evalueringsskjema for forvaltningssamlinga 11.-12. september
- Regionalt løft for markedsføringsdialog i offentlige innkjøp
Utdeling av kulturlandskapsprisen 2024
Måndag 16. september blei kulturlandskapsprisen 2024 delt ut til Knut Flatvad og RIta Dyrnes Flatvad i Sunndal kommune. Les meir om det her: Landskap som gir mat | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)
Framtidig prisvinnar i din kommune?
Har du ein eller fleire kandidatar til prisen i din kommune, så vil vi gjerne vite om dei. Send da ein e-post med namn til underteikna. Vi vil gjerne få forslag på kandidatar hos kommunar som ikkje har hatt nokon prisvinnarar enda. Sjå oversikt her
Kontaktperson: Ragnhild N. Aas
Hugs å svare på evalueringsskjema for forvaltningssamlinga 11.- 12. september
Vi har laga ei spørjeundersøking for å få ei tilbakemelding frå deg på årets forvaltningssamling. I tillegg stiller vi deg nokre spørsmål som vil hjelpe oss å planlegge framtidige samlingar og webinarer. Du svarer anonymt.
Lenke til spørjeundersøkinga: https://forms.office.com/e/5QTYUmnG3i
Kontaktperson: Ragnhild N. Aas
Regionalt løft for markedsføringsdialog i offentleg innkjøp
God marknadsdialog styrkjer samarbeidet mellom offentlege innkjøparar og leverandørar, slik at dei beste løysingane blir valde og skapar verdi for felles problemstillingane vi ønskjer å løyse.
Den 16.10. kl. 10-14 inviterer Tredrivaren med fleire til ei spennande og lærerik samling om marknadsdialog for offentlege innkjøp i vår region. Vi gir deg ei innføring i korleis ein praktisk gjennomfører marknadsdialogar, relevant regelverk og konkrete døme. Målet er å styrkje regionens samla kompetanse innan offentlege innkjøp generelt og marknadsdialog spesielt.
Meir info og påmelding her
Elektronisk bindande påmelding innan 02.10.
Kontaktperson: Christina Qvam Heggertveit