Informasjonsbrev veke 12/2025

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Kulturlandskapsprisen 2025 
  • Kurs i AR5web torsdag 27. mars 
Publisert 19.03.2025

Kulturlandskapsprisen 2025 

Har du ein kandidat til Kulturlandskapsprisen 2025? Nominer nokon no, og del gjerne med andre aktuelle som kjenner til gode kandidatar. Sjå meir informasjon på heimesida vår:  Har du ein kandidat til kulturlandskapsprisen 2025? | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 

Kontaktperson: Marie Teigland 

 

Kurs i AR5web torsdag 27. mars 

AR5web er ei nettløysing for  ajourhald av AR5 som skal gjere det enklare for kommunane å oppdatere kartlaget.  Målet er at tilsette utan kompetanse i ordinære kartverkty skal kunne legge inn endringar i AR5. Kompliserte registreringar/endringar bør gjerast i kommunen sitt offisielle kartverkty.  

Mange landbrukskontor har allereie teke i bruk AR5web og gitt gode tilbakemeldingar. Vi vil difor oppfordre fleire til å ta dette i bruk. 

Kurset går via Teams torsdag 27. mars, kl. 09.00 - 10.30 

Dei som ønskjer å vere med på kurs kan ta kontakt med underteikna, eller NIBIO direkte (Jørn Storholt, jps@nibio.no, Kristin Holm, krh@nibio.no). 

Meir informasjon om AR5web finn du her. 

Kontaktperson: Odd Løset