Informasjonsbrev veke 02/2024

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Bli medlem i Forum for landbruksplast 
  • Kven er målgruppa for Informasjonsbrevet vårt? 
Publisert 10.01.2024

Bli medlem i Forum for landbruksplast 

Forum landbruksplast er ein landsomfattande møteplass for aktørar som vil finne løysingar på problemet med landbruksplast på avvegar. Forumet møtest jamleg for å dele erfaringar og kunnskap og komme med nye idear som kan løyse utfordringane med landbruksplast. Det vart initiert av Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Bioregion Institute.  

Forumet har medlemmar frå heile landet, får ulike kommunar, fylkeskommunar, statsforvaltarar og ulike organisasjonar.  

Les meir på forumet si eiga nettside her 

Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas  

 

Kven er målgruppa for Informasjonsbrevet vårt? 

Vi ynskjer å presisere at Informasjonsbrevet er retta mot kommunal landbruksforvaltning. Det skal difor ikkje vidaresendast i si heilheit til gardbrukarar i kommunen eller leggast ut på kommunen sine nettsider. Men det hender vi informerer om t.d. arrangement eller tilskotsordningar som gjerne kan delast med næringa. I så fall vil det gå fram av teksten at vi ynskjer det vert vidareformidla. 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger