Utvikling i søknadstal for 2023 – tilskot i jordbruket

Illustrativt bilete av ein åker med fjell i bakgrunnen.
Frå Isfjorden i Rauma kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild N.Aas.

Utvikling i søknadstal for produksjonstilskot og regionale miljøtilskot gir ein peikepinn på strukturutviklinga i jordbruket.

Publisert 30.11.2023

Det er registrert totalt 2 335 søknader om produksjonstilskot i 2023. Tilsvarande tal for 2022 var 2 349 og for 2021 var det 2 387 søknader. For fem år sidan (2018) var det registrert 2 558 søknader. Desse tala inkluderer absolutt alle søknader om produksjonstilskot, også dei som er blitt avvist eller avslått. Erfaringsmessig blir i størrelsesorden 30 søknader avvist eller avslått kvart år fordi vilkåra for å motta tilskot ikkje er oppfylt.

Det har i lang tid vore ein tydeleg trend der talet på føretak i jordbruket går jamt nedover. Det kan likevel sjå ut som at nedgangen dei siste par åra er litt mindre enn tidlegare. Saksbehandlinga for søknadsomgangen 2023 er fortsatt berre halvferdig, så det er litt tidleg enno å seie noko om utviklinga i produksjon.

For regionale miljøtilskot (RMP) er det registrert 1 097 søknader i 2023. Tilsvarande tal for 2022 var 1 016 søknader, og for 2021 var det 1 090. Ser vi fem år tilbake (2018) var søknadstalet 1 081 søknader. Desse tala inkluderer også avslåtte og avviste søknader.

For regionale miljøtilskot ser vi at søknadstala svingar litt frå år til år, men har vore nokså stabile over tid. I underkant av halvparten av alle jordbruksføretak søker regionale miljøtilskot, og i stor grad er det dei same som søker på same tiltak kvart år.

 

Kontaktpersonar