Utbetaling av produksjonstilskot for søknadsomgangen 2024

Illustrasjonsfoto, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Ragnhild Naug Aas

I februar vart produksjonstilskot utbetalt, basert på søknadsopplysningane i søknadsomgangen 2024. Til saman vart det utbetalt litt over 1,2 milliarder kroner til bøndene i Møre og Romsdal.

Publisert 21.03.2025

Basert på tala for søknadsomgangen 2024 vart det betalt ut ca. 1 096 mill. kroner i produksonstilskot og ca. 109 mill. kroner i avløysartilskot. Det er betalt ut tilskot til 2298 føretak, mot 2303 føretak i fjor.

Sjølv om det er ein total nedgang på berre fem føretak, skjer det likevel ei endring i næringa. Mjølkeproduksjonen er fortsatt ryggrada i landbruket i fylket, men talet på mjølkebruk går jamt nedover. I 2023 var det 579 bruk med mjølkekyr, i 2024 var talet 559. Talet på bruk med ammekyr var 303 i 2024, ein nedgang frå 315 året før. Ei middels mjølkekubesetning er på 32 kyr og ei middels ammekubesetning er på 16 kyr.

Det var i fjor 985 bruk med sau, ein nedgang frå 1003 året før. Ei middels sauebesetning er på 52 sauer. Talet på bruk med ammegeiter er blitt 93, ein auke frå 73 året før.

Det var 71 kornprodusentar i 2024, ein produsent meir enn året før. Det er mest bygg som blir produsert, på litt over 9000 daa. 67 føretak har produsert bygg medan berre tre føretak har produsert kveite og ni har produsert havre. Det er fire havreprodusentar som ikkje produserer anna korn i tillegg. Dette kan tyde på at ein nedgang i tal kornprodusentar som vi har sett over fleire år, i alle fall ikkje har fortsett i 2024. Tala fortel berre litt om kor mykje korn som blir produsert. Avlingane, og kvaliteten på kornet, varierer mykje frå år til år.