Stolpevirke frå Nordmøre til Hallingdal

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Odd Løset

I vinter blei det sendt stolpevirke frå Flemma i Gjemnnes til Ål i Hallingdal. Stolpane kom frå eit fint blandingsbestand av gran og sitkagran.  Dei lengste stolpeemna var over 25 meter.

Publisert 17.03.2025

Stolpeemne av gran og sitkagran

Skogen var planta for om lag 70 år sidan, med mest gran og noko sitkagran. Det stod på svært høg bonitet, G26. Overhøgda på bestandet var over 40 meter, og dei største trea var kring 3 kubikk.

Under synfaring med SB Skog blei det aktualisert å levere stolpevirke frå bestandet. Ein stolpesynar blei kontakta, og ved syninga blei det funne kring 60 trær som var aktuelle som stolpevirke. Dei lengste stolpane som blei plukka ut var 27 meter. Det blei funne stolpeemne av både gran og sitkagran.

Bestandet stod i noko krevjande terreng, og dei aktuelle stolpane blei i hovudsak felt med motorsag. Det kuperte terrenget og store lengdene ga noko brekkasje under felling, så nokre stolpar blei avkorta. Erfaring frå syninga viste og at det er vanskeleg å sjå krok på ståande skog når det er så lange emner. Difor var det trong til ei ny vurdering når trea var felt. Stolpevirket blei dratt ut av skogen med krana på hogstmaskina eller lassberaren. 

SB Skog organiserte drift og transport medan Wopas (Hallingplast) i Ål var kjøpar.

Erfaringar

Etter drifta konkluderte SB skog med at det blei usikker kvalitet på dei lengste stolpane. Noko som og krev syning, både i ståande skog og etter felling. Stolpevirket bør leggjast heilt plant på lunneplass. Transporten til Hallingdal gjekk med semitrailer og følgjebil, noko som var svært kostbart. SB Skog vil ved seinare høve prioritere stolpelengder mellom 17-19 meter. Det kjem og som følgje av at dei ønskjer å unngå følgjebil ved transport.

Kontaktpersonar