Overvaking av stor granbarkbille

Barkbillefelle. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Odd Løset

Gjennom NIBIO sitt overvakingsprogram blei stor granbarkbille først påvist i vårt fylke i fjor. Dette var i Surnadal. I år vil ein undersøkje om den finst i ein større del av Møre og Romsdal.

Publisert 23.05.2024

Granbarkbillen er det insektet som gjer mest skade på gran i Noreg og Europa. Under bestemte forhold kan den angripe og drepe heilt friske grantre. Den har eit godt utvikla kjemisk signalsystem og eit etablert samarbeid med blåvedsoppar. Dette gjer billa i stand til å drepe grantrea relativt raskt og nytte dei som ynglemateriale. Billebestanden aukar gjerne etter tørkesomrar, når grana er svekka av tørkestress.  

Blir overvåka

NIBIO har gjennom mange år følgt utviklinga i bestanden av stor granbarkbille. Utbreiinga av billa følgjer utbreiinga av vanleg gran. Overvåkinga skjer ved hjelp av barkebillefeller. Først i fjor blei det sett opp feller i dei tre vestlandsfylka. Det blei sett opp fire feller i Surnadal og ei på Tingvoll. Alle fellene i Surnadal gav fangst. Stangvik var den vestlegaste staden med funn.

I år vil ein setje ut feller i ein aust-sørvest gradient frå Tingvoll til Sykkylven. Med aukande alder på granskogen i dette området, er det grunn til å tru at billa dukkar opp.

Fellene blir sett opp på ferske hogstflater etter granhogst. Ein pose med billa sitt eige luktstoff, feromon, blir nytta som åte. Fellene blir tømt fire gonger gjennom sommaren.

Ingen registrerte skadar

Vi har ikkje registrert skadar av granbarkbille på vår gran, men funn av billa viser at den kan vere ein potensiell skadegjerar. Granskogen i Møre og Romsdal er ung og frisk, noko som gjer den sterk imot eventuelle skadar. Likevel kan endra klima, som tørke og storm, føre til svekka motstandskraft. 

Kontaktpersonar