Høg aktivitet i skogen og gode tømmerprisar i 2024

2024 vart eit år med stor aktivitet, her frå nyopninga av Håem tømmerkai. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Åsmund Asper

Det har i 2024 vore god aktivitet i skogbruket i Møre og Romsdal. Tømmerprisane har stege jamt og trutt gjennom året, og skogeigarane har visst å utnytte det.

Publisert 09.01.2025

I 2024 vart det i Møre og Romsdal avvirka 309 401 m3 tømmer for sal, og gran utgjer om lag 93 % av volumet som er opp mot rekord her i fylket. Avvirka volum er opp 10,9 % frå 2023.

Det er i 2024 avvirka tømmer for over 200 mill kr, opp frå 155 mill kr i fjor, ei auke i omsettinga på 29%. Ser ein på virkesprisen aleine fekk ein i snitt 648 kr/m3 for alt virke levert i 2024, opp frå 560 kr/m3 i 2023, som er 15,5 % auke i tømmerpris.   

I januar 2024 var gjennomsnittsprisen på innmålt tømmer 571 kr/m3, medan det i desember 2024 auka til 755 kr/m3. Ei auke på 184 kr i gjennomsnittspris på alt innmålt tømmer i løpet av eit år, er mykje her i fylket.

Skogsvegar og driftstilskot

Det er i 2024 ferdigmeldt 10,2 km skogsbilveg i Møre og Romsdal, 2,8 km nyanlegg og 7,4 km ombygging av eksisterande veg. 950 m ny traktorveg og 430 m traktorveg er ombygd.

Det er investert 10,3 mill kr i bygging av dei ferdigmeldte vegane til skogbruket i Møre og Romsdal for 2024. Av denne summen er det løyvd 5,29 mill kr i tilskot.

I 2024 er det løyvd 8,13 mill kr i tilskot til nye skogsvegprosjekt og 4,4 mill kr i driftstilskot. Av driftstilskotet utgjer taubanetilskot 2,8 mill kroner, for drift av om lag 21 000 m3.

God planteaktivitet og behov for meir stell av ungskogen

Det blei planta til nesten 5700 dekar i 2024. Dette er nesten på same nivå som toppåret i 2021. Surnadal stod for over 20 % av det planta arealet.  Skogeigar er lovpålagt å få opp att ny skog etter hogst, så planta areal følgjer naturleg hogstaktiviteten. Det finst ikkje eksakte tal for kor mykje areal som er hogd, men overslag viser at det ikkje er store avvik mellom planta og avverka areal i 2024.    

Det er gjennomført ungskogpleie på i underkant av 2700 dekar i fjor. Av dette blei 35 % utført i Surnadal. Behovet i fylket er langt større, og med optimal skjøtsel skulle vi gjerne hatt ungskogpleie på 1,5 gonger arealet som vert tilplanta. Ungskogpleie er avgjerande for å ta vare på investeringane som er gjort ved planting. Det er generelt gode tilskot til stell av ungskogen, og resterande kostnader kan dekkjast med skogfond. Ta kontakt med kommunen din for informasjon om satsar for tilskot til planting og ungskogpleie.

Kontaktpersonar