Revisjon av miljøregistreringane i skog

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Miljøregistreringane i skog (MiS) skal sikre biologisk mangfald i skogen. Om vi registrerer arter og livsmiljø, kan vi betre overvake og forvalte miljøverdiane i skogen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2021

Kartlegginga gir skogeigar informasjon om areal med miljø som er særleg viktig å ta vare på, spesielt i samband med hogging av skog.

Miljøregistrering og sertifisering

Skogmiljø endrar seg over tid. Ny kunnskap frå forskinga, endringar i skogtilhøve og  sertifiseringsreglar gjer at vi må oppdatere miljøregistreringane med jamne mellomrom. Hovuddelen av norsk skogbruk er miljøsertifisert gjennom Norsk PEFC skogstandard. Miljøsertifiseringa skal dokumentere at norsk skogbruk driv på ein berekraftig måte og at vi tek vare på spesielle biologiske artar og livsmiljø, altså miljøverdiar.

Miljøregistrering i Skog (MiS-registrering) er eit krav i lovverket. Alle skogeigedomar som har over 100 dekar produktiv skog må ha gjennomført MiS-registrering før dei kan levere tømmer, sjå krav i PEFC. MiS vert gjort samtidig med registrering av ulike skogdata.

Kartlegging av livsmiljø

Ved hjelp av ulike kartbasar med miljøinformasjon og ulike skoglege data  finn skogbruksplanleggjaren areal med konsentrasjon av ulike miljøverdiar.  Tolv ulike livsmiljø vert definert i MiS gjennom bestemte krav og verdiar. Dei tolv miljøa har spesiell betydning for biologisk mangfald i skog. Liggjande daud ved er eit eksempel på eit livsmiljø. Skal eit område med daud ved kartfestast som livsmiljø (nøkkelbiotop), må mengda daud ved vere over eit gitt nivå.

Erfaringsvis vert 2-3 prosent av skogareala registrert som livsmiljø. Areal med livsmiljø skal i hovudsak stå som urørt, men dei kan og vere omfatta av ulike skjøtselstiltak. Skogeigar med livsmiljø på eigedomen kan søkje om økonomisk kompensasjon for at arealet ikkje kan nyttast.

Rauma og Nesset undersøker oppdateringsbehov

Miljøregistrering i Skog er basert på eit dynamisk system som blei teke i bruk i 2001. Norsk PEFC Skogstandard set krav til at tømmerkjøparane (sertifikathaldarane) vurderer behov for revisjon av miljøregistreringane når dette er naudsynt, og seinast innan 15 år.

Rauma og gamle Nesset kommunar er no i gong med å sjå på behovet for revisjon av sine miljøregistreringar. Deira registreringar er over 15 år, og det vil årleg verte kommunar med utdaterte miljøregistreringar. Oppdateringane kan skje gjennom nykartlegging av livsmiljø, delvis nykartlegging eller ved at eksisterande registreringar framleis er tilstrekkelege. Arbeidet med utgreiing av behovet for revisjon av miljøregistreringar vert  finansiert av det offentlege.

Kontaktpersonar