Skogbruksplan og Miljøregistreringar

Skogbruksplanen inneheld areal,- miljø- og ressursoversikter for den einskilde eigendom, oversiktlege og lettleste kart, samt råd om korleis eigedomen bør drivast, både med tanke på økonomi og miljø. Data i skogbruksplanen blir dels henta frå tilgjengelege databaser/kart, dels ved flyfototolking og dels ved feltregistrering.

Oppdaterte skogbruksplaner med miljøregistreringar (MiS) er ein føresetnad for eit aktivt skogbruk. Skogbruksplanlegging involverer mange partar, både offentlige og private. Statsforvalteren har ansvar for å koordinere skogbruksplanprosessane som går føre seg i fylket.

Skogeigaren kan bruke skogfond med skattefordel til å dekkje utgifter til skogbruksplanlegging. Du finn meir informasjon om skogbruksplanlegging med miljøregistreringar hjå NIBIO og Landbruksdirektoratet (sjå lenkjer).


Publisert 09.11.2021

Fire kommuner har kartlagt skogen sin

Omlag 390 skogeigarar i Kristiansund, Gjemnes, tidlegare Eide og Averøy har kartlagt skogen sin. Aldri har det vore gjennomført ei skogkartlegging med så mange interesserte i Møre og Romsdal.


Publisert 13.09.2021

Revisjon av miljøregistreringane i skog

Miljøregistreringane i skog (MiS) skal sikre biologisk mangfald i skogen. Om vi registrerer arter og livsmiljø, kan vi betre overvake og forvalte miljøverdiane i skogen.


Publisert 27.04.2021

Kartlegging skog Volda

Skogressursane i Volda kommune skal bli kartlagt. Skogeigarar kan tinge skogoversikt for sin eigedom. Desse vil bli levert i desember 2022.


Publisert 08.11.2019

Skogbruksplanmøte - Gjemnes

Det har vore stort oppmøte på informasjonsmøta om skogbrukplanlegging i fellesprosjektet for Averøy, Eide, Gjemnes og Kristiansund kommunar.