Skogbruk

Oppdatert 26.11.2024

Statsforvaltarens oppgåver innanfor skogbruk er knytte til den langsiktige forvaltninga av skog som ressurs for lønnsam næringsverksemd. I samarbeid med andre aktørar er Statsforvaltaren er også engasjert i arbeidet for større verdiskaping basert på trevirke som råstoff.

Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi. Det er også eit viktig mål å medverke til at vi har ein infrastruktur som kan sikre ein effektiv og lønnsam hogst, samtidig som næringa tek omsyn til miljøet.

Statsforvaltaren gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.

Vis meir

Lytt til podkast

Veit du kvifor vi er mest opptatt av å hente ut grantømmer frå skogane i Møre og Romsdal? Og veit du kvifor vi bør la noko skog stå heilt urørt?


Publisert 17.03.2025

Stolpevirke frå Nordmøre til Hallingdal

I vinter blei det sendt stolpevirke frå Flemma i Gjemnnes til Ål i Hallingdal. Stolpane kom frå eit fint blandingsbestand av gran og sitkagran.  Dei lengste stolpeemna var over 25 meter.


Publisert 03.03.2025

Skogsamling i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren arrangerte den årlege skogsamlinga for kommunane i Ålesund 25.-26. februar. Næringsorganisasjonane og andre som arbeider med skogbruk i fylket var også invitert. Det gjorde at 45 skoginteresserte blei samla.


Publisert 09.01.2025

Høg aktivitet i skogen og gode tømmerprisar i 2024

Det har i 2024 vore god aktivitet i skogbruket i Møre og Romsdal. Tømmerprisane har stege jamt og trutt gjennom året, og skogeigarane har visst å utnytte det.


Publisert 14.11.2024

Stor granbarkbille i heile Møre og Romsdal?

Stor granbarkbille blei for første gong registrert i Møre og Romsdal i fjor. Dette var i Surnadal. Gjennom NIBIO sitt overvakingsprogram er det i år gjort funn i ein større del av fylket.


Publisert 29.10.2024

Ny skogsbilveg frå Lønset til Hjelset i samband med ny E39

I samband med nytt sjukehus på Hjelset, aust for Molde, er det bygd ny E39 utan avkøyring frå Hjelset til Lønset aust for Molde. Dette førte til behov for ny skogsbilveg i området.


Publisert 11.07.2024

Over 50 % auke i tømmerprisen på gran siste 3 år i Møre og Romsdal

I august 2021 fekk ein i gjennomsnitt 430 kroner pr. kubikk levert gran. For mai-juni i år er tilsvarande pris kring 650 kroner. Det inneber ei auke på 220 kroner pr. kubikk, noko som tilsvarar 51 prosent.


Publisert 23.05.2024

Overvaking av stor granbarkbille

Gjennom NIBIO sitt overvakingsprogram blei stor granbarkbille først påvist i vårt fylke i fjor. Dette var i Surnadal. I år vil ein undersøkje om den finst i ein større del av Møre og Romsdal.


Publisert 26.04.2024

Overvaking av skog og skogskadar i Møre og Romsdal

Skogskadar er eit stort fagområde som handlar om skadar forårsaka av insekt, sopp, dyr og klima. Offentlege skogbruksmyndigheiter har eit særleg ansvar for overvaking av skogskadar.


Publisert 24.04.2024

Vil Woodcoat stoppe gransnutebilla

Gransnutebilla fører til at mange små granplanter døyr i fylket vårt. I år vil Allskog prøve om middelet woodcoat kan hindre billa å gjere skade.


Publisert 16.04.2024

Tydelegare krav til å forynge skog

Skogeigar har plikt til å få opp att ny skog etter hogst. Nye endringar i forskrifta skal gjere det enklare for kommunane å følgje opp denne plikta.