Faren for spreiing av fugleinfluensa aukar

Fugleinfluensa ble påvist hos gjess funne i Rogaland tidlegare i haust.
Fugleinfluensa ble påvist hos gjess funne i Rogaland tidlegare i haust. Foto: Pixabay.com Sven Lachmann.

Det er påvist sterkt sjukdomsframkallande (høgpatogen) fugleinfluensa i Norge og fleire land i Europa. Vårtrekket av ville fugler er no godt i gang, noko som aukar smittefaren til tamfuglar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.03.2021

Vårtrekket aukar smittefaren

Mange fuglar som trekker til Norge på våren oppheld seg langs Nordsjøkysten av Nederland, Tyskland og Danmark om vinteren. Dette området har vore hardt ramma av fugleinfluensa hos villfugl, med stor dødelegheit blant mange artar av vannfugl. No når vårtrekket er i gang, kan ulike artar frå ulike overvintringsområde møtast og smitte kvarandre. Det er difor ekstra viktig å fylgje med på sjukdom og dødelegheit hos ville fuglar.

Portforbod og innmelding av fjørfehald

For å hindre smitte frå ville til tamme fuglar har Mattilsynet innført portforbod for fjørfe i fleire fylker, blant dem Møre og Romsdal. Konsekvensane ved eventuell smitte frå villfugl til fjørfe kan vere svært alvorlege. Det er difor veldig viktig at nausynte smitteforebyggande tiltak vert gjennomført i både kommersielle fjørfehald og i hobbyfjørfehald. Mattilsynet oppfordrar alle med hobbyfjørfe til å registrere dyrehaldet sitt på mattilsynet.no.

Smitterisiko

Den varianten av fugleinfluensa som no er påvist representerer ein risiko for fuglar. Folkehelseinstituttet vurderer risikoen for smitte til menneske som svært låg.

Meld frå til Mattilsynet om døde fuglar

Mattilsynet oppfordrar folk som ferdes langs sjø, vatn og våtmarksområde om å informere Mattilsynet ved funn av sjuke eller døde fuglar. Fuglar som er døde av ytre skadar, er avmagra eller rotne er i utgangspunktet ikkje aktuelle å undersøkje for fugleinfluensa. Men, ved funn av døde fuglar utan synleg dødsårsak bør ein kontakte det lokale Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00. Av omsyn til generell smittefare skal ein unngå å kome i fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fuglar.

Smittesituasjonen vert vurdert fortløpande

Smittesituasjonen kan endre seg raskt og Mattilsynet gjer derfor fortløpande vurderingar av situasjonen. For meir informasjon sjå Mattilsynet si nettside,som vert oppdatert fortløpande.