Kommunane førebur seg til nye rutinar
Ajourhald av kartdata var kanskje det viktigaste temaet, då alle kommunane i fylket 14. og 15.11. 2016 var samla til seminar om forvaltning av tilskot i landbruket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Frå 2017 vert det sett i drift eit nytt system for søknad, behandling, kontroll og utbetaling av produksjonstilskot i jordbruket. Det vert nye søknadsfristar , og nye rutinar. Føretaka skal sende søknaden via internett, og all kommunikasjon mellom kommunen og føretaket skal skje digitalt.
Frå 2018 vil det også bli slik at alle arealbaserte tilskot vert utmålte på grunnlag av opplysningar som søkjaren har teikna inn på eit kart i samband med innsending av søknaden, og som kommunen har godkjent. Det inneber at kartet som viser kva arealressursar føretaket kan søkje på, må vere oppdatert til ei kvar tid. Det er kommunen som har ansvar for å halde ved like kartet, og dette arbeidet skjer i samarbeid med Statens kartverk og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Det er svært viktig at kommunane prioriterer arbeidet med ajourhold av kartdata, slik at dei som driv jordbruk kan bruke oppdaterte kart i drifta, og få utbetalt dei tilskota føretaket har rett til. Arealressurskartet inngår også i fleire andre viktige oppgåver i samfunnet, slik som rapportering av KOSTRA, areal- og samfunnsplanlegging og statistikk.
Også andre viktige tema var oppe på seminaret. Kommunane fekk glimt av det nye fagsystemet og innblikk i korleis dette både ser ut og kjem til å fungere.
Eit anna viktig tema var riskovurdering i samband med kontroll av tilskotsforvaltning og opplysningar i søknadene, korleis kommunen kan vurdere sannsynlegheita for at fastlagde mål og krav ikkje blir nådde, og kva konsekvensar dette kan ha. Ved å gjere slike risikovurderingar kan kommunen innrette sine kontrollar av førtak mot område med størst risiko for at feil kan oppstå.
Juridiske emne var også tema, både offentleglova og og forvaltningslova sine reglar om innsyn, journalføring av saker og kva opplysningar som er underlagt teieplikt, vart gjennomgått i lys av behandling av søknader om tilskot.
Det vart også plass til ei orientering om den nye tilskotsordninga med tilskot til utsiktsrydding langs vegar med utsikt til kulturlandskapet. Møre og Romsdal har mange viktige turistruter, og utsikta vert fleire og fleire plasser hindra av kratt. Her i fylket har det kome mange søknader om tilskot til ryddeprosjekt.