Fylkesmannen oppdragsgjevar i innovasjonscamp

Fem elevar frå Bekkevoll ungdomsskole presenterte forretningside for ein opplevingsgard for Landbruksavdelinga

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.03.2016

Ei gruppe på fem elevar frå Bekkevoll Ungdomsskole fekk i oppdrag å lage ein presentasjon på ein forretningsidé.

Bakgrunnen for oppgåva var eit par som flyttar frå Oslo til Molde, tok over ein gard med 15 ammekyr og sæterbu i eit vakkert naturområde. Ein del av innhaldet i presentasjonen skulle gå ut på å tilby fritidsaktivitetar og servere lokal mat.

Ungdomane la fram forretningsideen, og forklarte korleis dei ville legge opp drifta. Dei hadde laga ein modell av tunet, og delte ut brosjyre og meny.

Etter fullført oppdrag i Landbruksavdelinga vart presentasjonen finpussa og så gjennomført på Bekkevold ungdomsskole torsdag 17.03., i konkurranse med andre elevar.

Dei fem var: Jessica, Nele, Mate, Henne og Monika.

Fylkesmannen si landbruksavdeling deltek som oppdragsgjevar til Innovasjonscampen for ungdomsskulane i eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal og Molde næringsforum.


Her er ungdomane flankert av mentorane i Landbruksavdelinga, Aud Lindset Drågen til venstre og Kirsti Indreeide til høgre.