Rekruttering tema for ministerbesøk

Fredag 29.01.2016 besøkte landbruks- og matminister Jon Georg Dale Møre og Romsdal. Ministeren er oppteken av rekruttering til landbruket, og møtte fleire unge bønder og landbruksskuleelevar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.02.2016

I løpet av turen i fylket snakka ministeren med unge bønder i Fræna og Rauma og elevar ved Gjermundnes vidaregåande skule.

Først gjekk turen til Malme Gardsdrift ANS i Fræna. Bruket la for få år sidan om frå sau til mjølkeproduksjon, og drifta vart nyleg overdratt til ny generasjon. Produksjonen er under oppbygging.

På Gjermundnes fekk Jon Georg Dale orientering om skulen, drifta og utfordringar, og møtte komande bønder frå tredje året i vidaregåande og frå hestelinja. Også her var framtidsplaner og rekruttering til landbruket tema i samtaler med ungdomane.

Besøket vart avslutta på Devold Gard i Rauma. På Devold driv dei med mjølkeproduksjon, og utnyttar garden sine ressursar og kompetanse til tenester retta mot m.a. reiseliv, t.d. servering, overnatting, laksefiske i elva, fjellturar og teambygging. Også her er gardsdrifta nyleg overdratt til ny generasjon. I tillegg møtte ministeren her tre nye bønder frå kommunen. Praten med dei nye bøndene i Rauma gjekk lett rundt lunsjbordet med velsmakande laks på Devoldvis.

Landbruks- og matiministeren kom lett i kontakt med alle han besøkte, og lytta oppmerksomt til det dei fortalde. Det vart livlege samtaler om både rekruttering, langsiktigheit, forventningar til både rammevilkår, ressursgrunnlag og innovasjon i næringa.

To dagar før besøket fekk ministeren overlevert rapporten; Økt rekruttering til landbruket. Jon Georg Dale er oppteken av rekruttering til landbruket. Han meiner det er viktig med god kunnskap og kompetanse, men samtidig skeptisk til om absolutte kompetansekrav er den rette vegen å gå.

Kontaktpersonar