Vil DU representere Fjord-Norge på Grüne Woche i Berlin?

Janet Roelofs frå Stolt Mat på Sjøholt var med til Grüne Woche i 2023. Her står ho med den norske standen i bakgrunnen. «Det er ei fantastisk oppleving å få vere med», uttalar ho. Foto: Janet Roelofs

Saman med Vestland og Rogaland skal Møre og Romsdal representere Noreg på den internasjonale mat- og reiselivsmessa Grüne Woche i Berlin i januar 2025. Lokalmat- og drikkeprodusentar og reiselivsbedrifter frå Møre og Romsdal kan no søke om å vere med!

Publisert 28.08.2024

Grüne Woche er verdas største matmesse. Den går av stabelen i Berlin 17. - 26. januar 2025. Landbruks- og matdepartementet står bak prosjektet, i tett samarbeid med Innovasjon Norge og den norske ambassaden i Berlin.

Dette er ei unik moglegheit til å representere Fjord Norge-regionen, bygge nettverk og vise lokale smakar og opplevingar til eit internasjonalt publikum. Saman skal vi vise verda kvifor Noreg og Fjord Noreg er verd eit besøk!

Inntil fem bedrifter frå Møre og Romsdal vil bli trekt ut til å delta på messa. Sidan messa varer over nesten to veker, vert aktørane fordelt i to periodar.

Høyrest dette interessant ut for deg? Ta gjerne kontakt om du lurar på noko.

Her finn du enkel søknad (obs, frist 2.september):

Invitasjon til å søke om Grüne Woche deltakelse (google.com)