Frå båsfjøs til lausdriftsfjøs? Innovasjon Norge kan gje støtte til ressursavklaring før investering

Strandadalen Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas.

Bruk som står framfor vegval om investeringar, kan søke Innovasjon Norge om inntil kr 100 000 i støtte til prosessen med avklaringar, kartlegging og undersøkingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.05.2023

Bruk med båsfjøs står framfor eit stort vegval. Skal ein investere for å tilpasse seg lausdriftskravet? I prosessen er det mange avklaringar som må gjerast: Framtidsplanane for brukarfamilien, ressursane på bruket, kva investeringsomfang bruket kan makte, samt å kartlegge om eksisterande bygningsmasse kan nyttast.

Økonomisk berekraftige prosjekt

Målet med støtteordninga er å bidra til avklaring om ei investering er økonomisk berekraftig for bruket.

Det kan søkast om støtte frå Innovasjon Norge til ekstern bistand for å:

  • Avklare brukarfamilien sine ynskje for framtida, framtidsplanar og «forretningsidé»
  • Kartleggje ressursane som brukarfamilien og bruket rår over i form av personlege ressursar, areal- og kvoteressursar, økonomiske ressursar og materielle ressursar
  • Kartleggje investeringsomfanget for ulike driftsalternativ som bruket kan makte, for å sikre økonomisk berekraft
  • Kartleggje i kva grad eksisterande bygningsmasse kan nyttast for eventuell trinnvis utvikling og utbygging.

Ekstern bistand er betalte rådgjevingstenester frå profesjonelle rådgjevarar.

Det kan ikkje søkjast støtte til å utarbeide fullstendige bygningsplanar, anbodsdokument og liknande, då dette kan inngå i kostnadsoverslaget for investeringa.

Inntil kr 100 000 i støtte

Det kan gjevast støtte for inntil 100 prosent av eksterne kostnader avgrensa til kr 100 000. Maksimal sum gjeld særleg i dei tilfella der omfattande bygningsmessige undersøkingar på eksisterande bygningsmasse er nødvending.

Løyvinga vert utbetalt når det er lagt fram krav om utbetaling, stadfesta rekneskap og rapport som klargjer brukarfamilien sine ynskje for framtida, ressursgrunnlaget og bruket si evne til å gjennomføre nødvendige investeringar.

Det er ikkje eit krav om at sjølve investeringa vert gjennomført for å få utbetalt støtta til ressurskartlegginga.

Regionale prioriteringar for landbruksmidlane i 2023

Det regionale partnerskapet for Møre og Romsdal har vedtatt korleis Innovasjon Norge sine landbruksmidlar skal verte prioritert. I partnerskapet deltek Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, Statsforvaltaren og Innovasjon Norge. Fylkeskommunen er leiar.

Grovfôrbasert husdyrhald

70 prosent av midlane skal gå til mjølk- og kjøtproduksjon på storfe samt mjølkeproduksjon på geit. Det vert lagt særleg vekt på omlegging til lausdrift i mjølk- og storfekjøttproduksjon, samt ombygging for å tilfredsstille nye krav til dyrevelferd.

Sau vert ikkje prioritert i 2023, men vil bli vurdert på nytt i 2024.

Kraftfôrkrevjande produksjonar

Investeringar for å betre dyrevelferd på etablerte bruk med svineproduksjon vert prioritert.

Fjørfe vert ikkje prioritert.

Poteter, frukt, bær og grønsaker

Investeringar som bidreg til auka produksjon og større verdiskaping vert prioritert. Det vert lagt vekt på lønsemd og utviklingspotensiale i den aktuelle produksjonen. Det må også takast omsyn til marknadssituasjonen.

Gjødsellager

Det kan gjevast investeringstilskot til å bygge lager med fast toppdekke for husdyrgjødsel, biorest eller anna organisk gjødsel.

Bygdenæringar

Nyskapande og lønsame prosjekt vert prioritert. Det er inga tydeleg prioritering mellom ulike typar tiltak, men nasjonale satsingar som lokalmat, landbruksbasert reiseliv og Inn på tunet-området er aktuelt.

Generasjonsskifte

Søknad om investeringstilskot ved generasjonsskifte vert prioritert uavhengig av produksjonsform.

Omstilling etter forbod mot pelsdyr

Investeringar som gjeld omstilling frå pelsdyr til anna landbruksnæring skal prioriterast.

Meir informasjon om tilskotssatsar og søknadsprosess finn du på Innovasjon Norge sine nettsider.