Nettverk for berekraftige bygg
Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerte samling «Nettverk for berekraftige bygg» i prosjektet Auka bruklav tre i offentlege bygg i Ålesund 28. februar. Hovudtema for samlinga var miljøabisjonar og innovative offentlege innkjøp som metode for å nå kommunanes klimamål.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Prosjektet har midlar som kommunane kan nytte til innkjøp av kompetanse/konsulenttimar til vurdering av meir bruk av tre og miljøvennlege løysingar i offentlege byggeprosjekt.
Oppmøtet var bra og det var representert 11 kommunar gjennom 20 personar samt Sunnmøre regionråd, noko som synar eit godt engasjement kring miljøvennleg materialval og interesse for innovative innkjøp her i fylket.
Hovedtema for samlinga:
- Miljøambisjonar
- Politisk forankring
- Innovative offentlege innkjøp
Verdas fyrste plusshus sjukeheim
Flemming Idsøe, prosjektleiar i Omsorgsbygg Oslo KF fortalde om Oslo kommune som skal byggje verdas fyrste «plusshus» sjukeheim i Nordre Aker. Berande konstruksjonar blir i tre, og med utstrekt bruk av eksponert tre innvendig. Enda ein miljøambisjon er maksimal grad av utsleppsreduksjon frå byggeplass med anleggsmaskiner som drivast av straum frå solcelle. Heile prosjektet er eit godt eksempel på høge miljøambisjonar og synar at dette og kan gi god kvalitet i bygget. Idsøe fortalte også om Lia bhg i Oslo kommune som er ein passivhus barnehage, der dei har oppnådde gode løysingar gjennom innovative innkjøp som innkjøpsmetode.
Det aller viktigaste målet for både bygga er at det skal bli eit godt sted for brukarane. Alle løysingar og konsept blir valde ut frå dette.
Lokale prosjekt
Vidare vart det gjeve innlegg om kommunale byggeprosjekt i Stranda, Aukra og Kristiansund. Kommunane har ulike utfordringar, mellom anna omsyn til ras, plassutnytting, miljøambisjonar og val av byggemetode.
Politisk forankring
Anne Ruth Jangaard snakka om strategiar for å oppnå politisk forankring for berekraftige byggjeprosessar i små kommunar.
Innovativ metodikk
Hilde Sætertrø, Nasjonalt program for leverandørutvikling, gjekk igjennom prinsipp for innovative innkjøp og kommunanes høve til å stimulere til innovasjon i leverandørledda og lokal næringsutvikling i anskaffinga av berekraftige offentlege bygg.
Samlinga konkludera med at det er behov for å meir fokus på innovative innkjøpsmetodar i neste samling.