Matglede på agendaen på Stranda!

4 kokker i gang med å tilberede mat.
Matgledekorpset i Møre og Romsdal 2023. Her under kokkeshowet på Stranda omsorgssenter. Foto: Marie Teigland, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Meir mat- og måltidsglede hos eldre var målet då Stranda omsorgssenter og Matgledekorpset i Møre og Romsdal inviterte til arbeidsseminar ved Stranda omsorgssenter 17. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2023

Representantar frå ulike delar av helsetilbodet i Stranda kommune var representerte: både pleiarar og kjøkenpersonale.

Matgledekorpset

Matgledekorpset er finansiert gjennom prosjektmidlar frå Landbruks- og Matdepartementet. Dei jobbar med å skape meir mat og måltidsglede hos eldre. Mindre matsvinn, god helse, brukarinvolvering og bruk av lokale/regionale råvarer i sesong er også viktig i arbeidet. Landbruksavdelinga hjå statsforvaltaren i Møre og Romsdal leier prosjektet i godt samarbeid med helse- og sosialavdelinga.

Innhaldet i Matgledekorpset sitt arbeidsseminar er utforma i samarbeid med vertskapsinstitusjonane.

– Erfaringar frå fjorårets arbeid i korpset er at mange institusjonar har dei same utfordringane i møte med mat og måltid, seier Olav Kåre Jørgensen frå Matgledekorpset.

Han er utdanna institusjonskokk og har erfaring frå ulike delar av mat- og serveringsbransjen.

Samarbeid mellom kjøkken og avdeling

Det første foredraget på «menyen» var eit innlegg om kva som kan gjerast for å legge til rette for godt samarbeid mellom kjøkken og avdeling. Greta Hanset frå helse- og sosialavdelinga hjå Statsforvaltaren og Merethe Bolstad, kjøkkensjef ved Rauma Helsehus, kunne dele erfaringar om viktige faktorar for at samarbeidet skal fungere godt, til det beste for brukarane.

Ernæring på programmet
Vidare i programmet tok klinisk ernæringsfysiolog Anna Sønslien oss med inn i ernæringstankegangen. Ho synte kvifor godt og systematisk ernæringsarbeid er eit viktig tiltak for å bevare helsa, spesielt hjå eldre.

Kokekunst

Etter pausa var det klart for «kokkeshow». Olav Kåre Jørgensen og Stian Røsand viste i praksis kor verdifullt det kan vere å lage vegen mellom kjøkken og avdeling kortare.

Ved å klargjere nokre ting på førehand, er det mykje som enkelt kan ferdigstillast ute blant brukarane. Akkurat som på arbeidsseminaret, vil ein i denne ferdigstillinga naturleg og enkelt ende i prat med folk om både tradisjonar, oppskrifter og opp- og nedturar i livet.

Matgledekokkane laga mat og delte gode tips til korleis vi kan gjere meir ut av måltidet, stimulere fleire sansar hjå brukarane og med dette oppnå fleire ting på ein gong. Gjennom maten kjem ein lett inn i gode samtalar om både det eine og det andre. Kokkane får betre kjennskap til brukarane og vice versa. Kortare avstand mellom kjøken og avdeling bidreg også til enklare kommunikasjon mellom avdelingane og betre forståing for kvarandre sine utfordringar, meiner Matgledekokkane Olav og Stian.

Smakebitar i lunsjen

Da kokkeshowet var over fortsette den gode praten inn i lunsjen. Her fekk vi smakebitar på alt kokkane hadde trylla fram av enkle, gode rettar halvtimen forut: fiskekaker, kjøttbollar i krema tomatsaus, smoothie, arme riddarar og ein sprek omelett, samt lanpannebrød og krema gulrotsuppe. Alt laga av gode råvarar i sesong.

Avslutningsvis vart det erfaringsutveksling, leia av rådgivar Marie Teigland frå Statsforvaltaren. Deltakarane valte sjølve kva tema som var mest interessante for dei å snakke om, og praten gjekk lett rundt borda.

Matgledekorpset takker for oppdraget hjå Stranda omsorgssenter og ønskjer dei lukke til vidare med dette viktige arbeidet!

Kokken tilbereder mat med sjukeheimsansatte som tilskodarar
Aktører i Matgledekorpset i dialog med ansatte ved sjukeheimen.
Ansatte ved sjukeheimen og Matgledekorpset er samla rundt eit bord

 

Kontaktpersonar