Nye grupper skal inn på gardstunet
Pilotprosjektet «Inn på tunet-løft for Møre og Romsdal» skal leiast av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. No skal nye brukargrupper oppleve helse, utvikling og trivsel på garder i fylket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Landbruksdirektoratet tildeler pilotprosjektet hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal 2,4 millionar kroner.
– Vi ynskjer at nye aktørar gjennom dialog og samhandling skal få kunnskap om korleis «Inn på tunet» (IPT) kan bidra med velferdstenester, seier prosjektleiar Elin Næsje Sætre hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Ho fortel at prosjektet i løpet av dei to åra det varar ynskjer å spreie kunnskap om korleis IPT kan bidra med velferdstenester. Eit anna mål er å kartlegge mogelege barrierar for val og kjøp av IPT-tenester.
Meiningsfylt og utviklande
Godkjente IPT-garder tilbyr aktivitetar som gir meiningsfylt arbeid, meistring, utvikling og trivsel. Forskingsrapportar og erfaringar viser positive effektar av denne typen tiltak: Å bruke dyr i terapi, arbeide med hagebruk og meistring av konkrete oppgåver på garden. Alt dette er med på å forbetre kvardagen til dei som får tilbod frå «Inn på tunet-gardsbruk».
– Dei viktigaste brukarane av «Inn på tunet» er barn- og unge, menneske med rusproblem, funksjonshemma og eldre, fortel Næsje Sætre.
Få vidaregåande skuler brukar IPT
Sjølv om mange kommunar brukar velferdstenestene IPT tilbyr, er det til dømes få vidaregåande skular som nyttar moglegheita. Det at Fylkesmannen i Møre og Romsdal no ynskjer å kartlegge kvifor desse ikkje brukar IPT i større grad, er noko Landbruksdirektoratet sett pris på.
– Vi er glade for at de valde å søkje om ein prosjektpilot på dette tenesteområdet. Dette er eit område kor bruk av «Inn på tunet» (IPT) er mindre brukt, og kor det er eit stort behov for å hauste erfaringar, skriv Landbruksdirektoratet i sitt vedtak om tildeling av midlar.
Skal kartlegge moglege barrierar
I kartleggingsdelen av prosjektet ønsker Fylkesmannen i Møre og Romsdal å finne ut kva slags utfordringar innkjøparane av tenesta møter og kva slags kriterier som vert vektlagt i val av IPT. Dei skal og gjere ein vurdering av kostnadene og kvaliteten ved bruk av IPT-tenester samanlikna med tilsvarande tilbod.
– Kartleggingsarbeidet skal mellom anna gjerast som intervju med aktørane, men i hovudsak vil det skje gjennom tre workshops. I tillegg vert det gjennomført fagdagar, eventuelt webinar, for kompetanseheving både hos kjøparar og tilbydarar av IPT-tenester, fortel Næsje Sætre.
Pilotprosjektet er tverrfagleg, og vert gjennomført i nært samarbeid med Helse- og sosialavdelinga og Oppvekst- og utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Oppfølgingstenesta i Møre og Romsdal Fylkeskommune, Regional- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune og tilbydarnettverket Inn på tunet Møre og Romsdal er også samarbeidspartnerar.