Kva skjer i Inn på tunet-løftet?
Dei fire nasjonale pilotprosjekta har gått saman om ei felles prosjektside.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.05.2021
På nettsida www.innpatunetloftet.no finn du informasjon og aktuelle nyheiter frå dei fire pilotprosjekta, i tillegg til informasjon om satsinga Inn på tunet-løftet.
Kort fortalt skal dei fire pilotane kartlegge utfordringane som kjøparar av Inn på tunet-tenester møter ved oppstart. Dei fire pilotane jobbar med Inn på tunet innanfor kvart sitt fagområde:
- Demensomsorg (Oslo og Viken)
- Grunnskule (Nordland)
- Vidaregåande skule (Møre og Romsdal)
- Rus, psykiatri og arbeidstrening (Vestland)