Landbruksnæringa kan verte ein viktig integreringsarena
I løpet av 2016 blir det busett nærare 900 personar i kommunane i Møre og Romsdal med bakgrunn som flyktning. Alle kommunane har svart ja på anmodinga om å busette flyktningar og asylsøkjarar. Fylkesmannen inviterte torsdag 8 .desember 2016 til fagdag med tema "Landbruksnæringa som integreringsarena".
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målgruppa på fagdagen var mellom anna tilsette i landbruket, kommunane ved flyktninge- og landbrukstenesta, NAV-tilsette, politikarar og administrativ leiing. Femti personar deltok på samlinga.
Rask busetting, arbeid og kvalifisering, deltaking i fellesskapet og kvardagsintegrering er svært viktig. Arbeids- og språktrening gjennom praktisk gardsarbeid finns det mange gode eksempel på i Møre og Romsdal. På fagdagen var ulike tilbod og erfaringar presenterte, mellom anna Inn på tunet-tilboda i Midsund og Surnadal som vektlegg meistring, trivsel og utvikling. Ordføraren i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim, orienterte om korleis kommunen aktivt - og med hell - har brukt landbruksnæringa som integreringsarena.