Mats Jøsok Kvalsvik (24) får pris for å inspirere i landbruket

Årets vinnar av landbruksselskapet sin inspirasjonspris er ein ung gardbrukar med stort engasjement for landbruk og matproduksjon, for kulturlandskapet og samhaldet i bygda si.
– Mats Jøsok Kvalsvik er verkeleg ein verdig vinnar og eit fint forbilde for ungdom. Han viser at det er mogeleg å få til gardsdrift også «på den ytste nøgne ø», heiter det i ein av nominasjonstekstane som føreslo Mats som prisvinnar.
Blant heile 184 kandidatar er det Mats som får årets pris. Mats starta med sau allereie som 15-åring. Han har kjøpt nabogarden til heimgarden og har bygd nytt sauefjøs der. 24-åringen er også initiativtakar til potetfestival og levande engasjert i nærmiljøet sitt.
Kvart år deler Landbruksselskapet i Møre og Romsdal ut ein Inspirasjonspris på Landbrukskonferansen.
Svært mange vil heidre gode gardbrukarar
– Det er mange som set pris på det arbeidet gardbrukarane gjer som matprodusentar, men også som bidragsytarar i bygdene med snøbrøyting, tilbod til barn og unge som ikkje finn seg til rette på skulen, held kulturlandskapet ope, er pådrivarar for fellestiltak og mykje meir. Med så mange gode kandidatar var det difor ei svært vanskeleg oppgåve å velje årets prisvinnar, fortel juryleiar og leiar for landbruksseksjonen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Brit Kari Eidseflot Hauger.
Potetfestival i fjøsen
Mats Jøsok Kvalsvik fekk fleire nominasjonar, frå familie, venner og bygdefolk.
– Med kombinasjonen av engasjement og kunnskap evner Mats å inspirere dei rundt seg på ein unik måte. Dette gjeld eksempelvis Potetfestivalen, der heile bygda - og vel så det – velvillig har stilt opp på dugnad, med ønske om å bidra og vare med på å skape noko i ei lita bygd, står det i ein av nominasjonstekstane.
Då den nye fjøsen vart bygd for tre år sidan, fekk Mats idéen om å arrangere ein potetfestival med fjøsen som base.
– På festivalen er det bidrag frå bygdefolket, frå venner og familie. Vi har potetfestivalen kåseri, hinderløype, allsong, hesjekonkurrane, fjøs til fjøs, traktorutstilling, og mykje meir. Og så har vi sjølvsagt Potetdans om kvelden. Serveringa er potet og kjøt frå garden, fortel Mats.
Har sau, gris, grønt og bær
Mats Jøsok Kvalsvik har i tillegg til sau av rasen Norsk kvit sau, også frilandsgris. Sauene beiter i den særprega kystlyngheia.
– Denne heia ivrar eg for å halde i hevd gjennom brenning og beite, seier Mats.
Han dyrkar potet, gulrot og grønsaker, og nytt av året også bringebær. Det meste vert selt direkte frå garden, enten frå gardsutsalet eller som matkasser levert på døra.
– Draumen min er å leve av garden, fortel Mats.
Per no driv han i tillegg for seg sjølv som snikkar.
– Det er viktig for meg at vi ikkje tek landbruket og matproduksjonen for gitt. Landbruket er limet i bygdene med sysselsetjing og verdiskaping, men også samhald og aktivitet. Vi treng både dei store og dei små gardsbruka, alle er like viktige, seier han.
– Mats har verkeleg blåst liv i bygda. Han er alltid i farta med å enten ordne noko på garden eller å hjelpe nokon i bygda. Spør du han om hjelp så får du sjeldan, om nokon gong, nei, skriv ein av dei som har nominert han til prisen.
Vil framheve ein ungdom
Fjorårets vinnar representerte kårfolket og deira viktige arbeidsinnsats, erfaring og kompetanse for neste generasjon på ein gard.
– I år ynskte landbruksselskapet framheve ein ungdom som har eit sterkt engasjement og motivasjon for å vere gardbrukar. Mats er opptatt av å ta vare på kulturlandskapet og kystlyngheia med brenning og beitebruk. Han har ei allsidig drift der han utnyttar garden sine ressursar. Gjennom potetfestivalen profilerer han landbruket på ein positiv og synleg måte, og bidreg til utvikling i nærmiljøet sitt, seier Eidseflot Hauger.
Kontaktpersonar
Landbruksselskapet
Landbruksselskapet i Møre og Romsdal er ei stifting som består av Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Formålet til landbruksselskapet er å støtte positive tiltak i landbruket og bygdenæringane. Inspirasjonsprisen skal tildelast ein gardbrukar eller eit fellestiltak i landbruket som er ein god ambassadør for næringa, og til inspirasjon for andre.
Styret i Landbruksselskapet består av
- Brit Kari Eidseflot Hauger, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Olav Håkon Ulfsnes, Møre og Romsdal Bondelag
- Ola Kvendset, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag
- Eivind Vartdal Ryste, Møre og Romsdal Fylkeskommune