SMIL-midlar i 2025

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på 9,5 millionar kroner til kommunane for ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).
Om fordelinga av SMIL-midlar i 2025
I 2025 er den nasjonale ramma for SMIL på 220 millionar kroner der Møre og Romsdal har fått totalt 9,5 millionar kroner.
Kommunane har meldt inn eit samla behov for året på 10 560 000 kroner. Det er dermed eit sprik mellom innrapportert behov og midlar som er til fordeling. Det er nytta ein fordelingsnøkkel for å fordele rammer til kommunane. Denne tek utgangspunkt i tre objektive kriterium for kommunane: Tal som søkte om produksjonstilskot føregåande år, tal på landbrukseigedomar og tal på jordbruksareal i drift. Dernest er det lagt vekt på:
- Innmeldt behov frå kvar enkelt kommune
- Lokale retningslinjer skildrar miljøutfordringar og prioritering av tiltak i kommunen
- Gjennomføringsevne, framdrift og oppnådde resultat i kommunen
- Variasjonar i behov frå år til år, saman med omsyn til føreseielegheit og kontinuitet
Kommunevis fordeling av SMIL for 2025
Aukra |
194 000 |
Smøla |
333 000 |
Aure |
495 000 |
Stranda |
310 000 |
Averøy |
300 000 |
Sula |
50 000 |
Fjord |
412 000 |
Sunndal |
451 000 |
Giske |
170 000 |
Surnadal |
630 000 |
Gjemnes |
300 000 |
Sykkylven |
260 000 |
Haram |
330 000 |
Tingvoll |
300 000 |
Hareid |
100 000 |
Ulstein |
155 000 |
Herøy |
250 000 |
Vanylven |
452 000 |
Hustadvika |
990 000 |
Vestnes |
240 000 |
Kristiansund |
40 000 |
Volda |
612 000 |
Molde |
700 000 |
Ørsta |
600 000 |
Rauma |
300 000 |
Ålesund |
350 000 |
Sande |
181 000 |
|
|
SUM |
9 500 000 |
|
|
Det er stor etterspørsel etter SMIL-midlar i heile fylket. Det er viktig at eventuelle unytta og inndregne midlar blir innvilga til nye tiltak i eigen eller andre kommunar. Statsforvaltaren vil følgje med på forbruket av midlar i kommunane og gjennomføre tre omfordelingsrundar i løpet av året: 1.juni, 1. september og 15. oktober.
Kort om forbruk av SMIL-midlar 2024
I 2024 blei det innvilga 10 749 738 kroner i tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) her i fylket.
I Møre og Romsdal har vi fire utvalde kulturlandskap (UKL) i jordbruket. Dette er Fjellgardane i Sunndal (Sunndal kommune), Alnes (Giske kommune), Hjørundfjorden og Norangsdalen (Ørsta og Volda kommunar) og Eikesdalen (Molde kommune).
Føremålet med UKL-midlane er å bidra til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, inkludert å sikre langsiktig skjøtsel og drift innanfor områda.
Det er kommunane som forvaltar UKL-ordninga etter nasjonal forskrift, eigne forvaltningsplanar for områda og lokale retningsliner. Kvart område blir gitt ei årleg ramme til disposisjon. Storleiken på ramma varierer mellom områda, ut frå mellom anna områda sin størrelse, omfang av tiltak og tal grunneigarar/drivarar, innmeldte behov og oppnådde resultat.
I 2024 hadde områda 2,9 millionar kroner til disposisjon. Det blei løyvt tilskot til 42 og 92 årlege driftstiltak.
Fordeling på ulike miljøtema
Eit UKL-tiltak kan kategoriserast innanfor eit av sju miljøtema. I 2024 var den prosentvise fordelinga på miljøtema følgande:
Det blei innvilga mest til landskapsskjøtsel (41 %). Denne kategorien omfattar tiltak for å ta vare på og utvikle eit mangfald av jordbruket sitt verdifulle kulturlandskap. Mellom anna slåttetilskot, beitetilskot, gjerding og vegetasjonsrydding. Nest mest midlar blei gitt til tiltak innafor miljøtema kulturminne og kulturmiljø (39 %). Her blir tilskotet gitt til tiltak som tar vare på og synleggjer bygningar, steingjerde, bakkemurar og andre kulturminne i landskapet. Tredje største kategori var tiltak for biologisk mangfald (8 %). Her blir tilskotet gitt til tiltak som tar vare på og skjøttar biologisk verdifulle areal, og betrar statusen for trua arter og naturtypar i jordbruket sitt kulturlandskap.